Hopp til innhold

Åtvarar mot tru på lønsfest

Mange håpar på solid lønsløft etter pandemi og straumsjokk. Men NHO og finansministeren vil dempe forventningane. Og lærarar og sjukepleiarar har ikkje grunn til å få meir enn andre, var bodskapen etter toppmøte i dag.

Unio aksjonerer i Oslo under streiken 2021.

LØNSHÅP: I fjor streika sjukepleiarar i Unio for høgare løn. I år håpar dei igjen på eit betre lønsoppgjer.

Foto: Berit Roald / NTB

Vi må ikkje få ein lønsspiral no, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid til NRK etter eit møte på Statsministerens kontor i dag.

Han har solid trykk på ordet «ikkje».

Også finansminister Trygve Slagsvold Vedum er redd for ein situasjon der kostnadsauken kjem ut av kontroll.

– Det er viktig for oss å ikkje kome med grep som forsterkar presset på renta. Vi må prøve å halde litt igjen. Det er mange faktorar som styrer det, lønsoppgjeret er ein av dei, seier Vedum til NRK.

Utfordringar i kø

Vedum understrekar at regjeringa ikkje kjem til å blande seg i lønsforhandlingane mellom arbeidslivsorganisasjonane.

NHO-sjef Ole Erik Almlid og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) under møtet i kontaktutvalet i arbeidslivet.

HUMØR: Både NHO-sjef Ole Erik Almlid og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) vil fortsette å vere i godt humør dersom det ikkje blir kostnadsspiral framover.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Men sjølv om lønsforhandlingane er organisasjonane sitt ansvar, er det ein langvarig tradisjon at arbeidslivsorganisasjonane møter regjeringa i det dei kallar «kontaktutvalet i arbeidslivet».

Jonas Gahr Støre leia møtet med organisasjonane i dag. Eitt av måla med slike møte er at regjeringa og arbeidslivsorganisasjonane skal ha ei felles forståing av den økonomiske situasjonen.

Eit lønsoppgjer er alltid krevjande, men i år er det ein spesiell kombinasjon av problem å forholde seg til.

  • Effektane av pandemien slår svært ulikt ut
  • Straumprissjokket påverkar både arbeidstakarar og bedrifter
  • Prisane stig, for eksempel på daglegvarer og drivstoff
  • Renteauken er i gang og vil få betydning for alle partar
  • Ukraina-krisa kan også gje økonomiske utfordringar
    Statsminister Jonas Gahr Støre leiar møte i kontaktutvalget i arbeidslivet før lønsforhandlingane startar våren 2022.

    TRANGT: Statsminister Jonas Gahr Støre leia møtet i kontaktutvalet i arbeidslivet og veit at mange veljarar håpar på lønsløft.

    Foto: Terje Pedersen / NTB

– Lønsoppgjeret i år må styrke bedriftene. Vi må hugse på at mange av dei auka kostnadane som hushaldningane har fått, også har råka bedriftene, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid og tenker på straum, rente og prisvekst.

Arbeidstakarar på kollisjonskurs

Om analysen av den økonomiske situasjonen er nokolunde lik, så er forventningane svært ulike.

Kostnadsauken for folk flest har gjort at LO har varsla tøffe krav i år. Leiar i Fellesforbundet i LO, Jørn Eggum, har blant anna varsla i Politisk kvarter at det kjem krav om auka kjøpekraft.

Det betyr at lønene skal auke meir enn utgiftene. Slik får arbeidstakarar råd til meir.

Samtidig har pandemi-slitne tilsette i offentleg sektor varsla at dei vil ha meir av kaka.

Unio varsla gjennom Dagbladet at arbeidstakarorganisasjonen for blant anna lærarar og sjukepleiarar ikkje har tenkt å sjå på resultatet i industrien som eit tak.

Då var svaret frå LO avvisande.

– Då blir det berre smular igjen til oss andre. Det er heilt uaktuelt, sa leiaren i Fagforbundet i LO, Mette Nord, til same avis.

NRK veit at den tilspissa diskusjonen mellom ulike arbeidstakargrupper vart teken opp på møtet i regjeringa i dag.

Og partane la heller ikkje band på seg etter møtet.

– Heilt nødvendig

– Eg konstaterer at fleire av dei andre partane er tydelege på at lærarar og sjukepleiarar ikkje bør forvente meir enn andre. Eg vil minne dei om at det er vi i offentleg sektor som har halde oss innanfor ramma frå frontfaget dei siste to åra. Andre har fått meir, seier Unio-leiar Ragnhild Lied til NRK etter møtet.

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og UNIO-leiar Ragnhild Lied under møtet med regjeringa på Statsministerens kontor mandag.

SKULDER VED SKULDER: LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og Unio-leiar Ragnhild Lied står skulder ved skulder her. Men kva når lønsoppgjeret er i gang?

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Kvifor skal lærarar og sjukepleiarar få meir enn andre?

– Det er heilt nødvendig om vi i framtida skal få godt kvalifiserte lærarar og sjukepleiarar.

Normalt held arbeidstakarorganisasjonane seg lojalt til det som blir kalla frontfagsmodellen. Den inneber at industrien som er avhengig av å eksportere varer forhandlar først. Når forhandlingane med organiasjonane for tilsette i stat og kommunar kjem seinare, er tanken at desse skal forholde seg om lag til resultatet i industrien.

NHO-sjef Ole Erik Almlid åtvarar kraftig mot å la offentleg tilsette få meir auke i kjøpekrafta enn tilsette i eksportbedriftene. Han er redd det gir ein utgiftsspiral som blir problematisk for næringslivet til slutt.

– Vi må sikre at privat sektor har auka konkurransekraft, ikkje svekka. Alle må vere lojale til modellen. Det betyr å gje det same lønstillegget som vi landar på i privat sektor.

Krevjande

Og i dette spørsmålet er NHO og LO einige.

– No har vi sett stadige angrep på måten vi forhandlar løn på i Noreg. Seinast i dag. Men når vi er på veg ut av ei krise og på veg inn i ei stor omstilling er det heilt avgjerande at denne modellen ikkje slår sprekkar, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik til NRK.

Blir det eit krevjande oppgjer også fordi det er krangel på arbeidstakarsida?

Det beste på veg inn i eit oppgjer er om alle står skulder ved skulder, seier Følsvik.

Neste viktige dato i lønsoppgjeret er i slutten av denne veka når teknisk beregningsutval legg fram sine tal 18. februar.

AKTUELT NÅ