Hopp til innhold

Åtvarar mot å bytte israelske fregatt-komponentar

Noreg kan bytte ut israelske komponentar på dei nye fregattane, men det kan få store konsekvensar, meiner fagekspertar.

Norske myndigheter vil kjøpe minst fem nye fregatter fra Storbritannia.

Noreg skal kjøpe fregattar frå Storbritannia og britiske BAE Systems, med komponentar frå to israelske selskap.

Storbritannia og industrigiganten Bae Systems skal bygge Noreg sine nye fregattar.

Kort tid etter regjeringa omsider tok valet, kom kritikken frå opposisjonen.

en gruppe menn i dress som går på en rullebane

Den britiske statsministeren Keir Starmer og statsminister Jonas Gahr Støre på land etter et besøk om bord på kystvaktskipet KV Jan i mai i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Raudt er heilt tydelege på at dei israelske komponentane må bytast ut, uansett kostnad.

SV har tysdag stilt fleire skriftlege spørsmål til forsvarsministeren om saka, og Venstre lurer også på om det er høve til å skifte ut dei israelske underleverandørane.

Kan bytast ut

Allereie i starten av august skreiv nemleg VG at den britiske fregatten Noreg no har valt å kjøpe, har komponentar frå to israelske selskap:

  • Elbit Systems: skal levere eit elektronisk overvakingssystem, som står sentralt for fregatten si moglegheit til å oppdage truslar tidleg, både i lufta og på sjøen, men også jamming eller spoofing. Systemet kan kartlegge nøyaktig kva slags trussel ein står overfor, slik at fregatten kan bruke sine våpen på ei mest mogleg hensiktsmessig og økonomisk måte. I 2009 vart dette selskapet stengt ute frå oljefondet.
  • Plasan: skal levere armeringsplater i kompositt, som er viktige for å beskytte fregatten mot missil og anna skyts.

Les også Forsvarsekspert kritiserer kjøp av britiske fregatter: – Uklokt

Spørsmålet er: er det mogleg å bytte ut desse komponentane, og velje andre underleverandørar?

Svaret er ja, det finst fleire konkurrentar til både Elbit Systems og Plasan.

Det er også verd å merke seg at både Australia og Canada har valt den britiske fregatten, men begge landa har gjort fleire tilpassingar og lagt til ekstra komponentar, som meir luftvern, ifølgje forskar og orlogskaptein Tor Ivar Strømmen.

Men kva slags konsekvensar vil det få?

– Det vil sjølvsagt bli mykje meir kostbart og skape rom for fleire feil og utfordringar, seier Strømmen, og snakkar først og fremst om systemet Elbit leverer.

Orlogskaptein og forsker ved Sjøkrigsskolen Tor Ivar Strømmen

Forskar og orlogskaptein Tor Ivar Strømmen.

Foto: Valentina Baisotti

– Fregatten er i utgangspunktet heildigitalisert, noko som gjer det lettare å skifte delsystem. Men skiftar ein ut dette systemet vil ein måtte gjere omfattande endringar på programvare og systemintegrasjon, og verkemåten til fregatten sitt kommando- og våpenkontrollsystem vil bli forskjellig.

Les også Dette må du vite om det nye fregattkjøpet

Norske myndigheter vil kjøpe minst fem nye fregatter fra Storbritannia.

Forsvaret har tydeleg signalisert at Noreg må ha så identiske system som mogleg med sin strategiske partnar, for å få ned både kostnader og risiko, ifølgje Strømmen.

– På fregattane vi har i dag, Nansen-klassen, har Noreg vore nøydde til å betale for all utvikling, oppgradering og systemvareoppdatering sjølv, seier Strømmen.

Les også Utrygge skyer over norsk gigantkjøp

to menn i dress som står foran et stort skip

Må overtale britane

Han meiner den einaste måten vi kan få bytta ut dei israelske komponentane, er å overtale britane til å gjere det same på sine fregattar.

– Elles vil vi miste dei fordelane vi søker med å gå inn i eit så tett samarbeid. Men eg ser på det som usannsynleg å få til, seier Strømmen.

Hovudlærar ved Sjøkrigsskulen, Lasse Elvemo, understrekar at valet om å bytte ut dei israelske underleverandørane er eit politisk, og ikkje fagmilitært spørsmål.

– Men det ein må vere veldig bevisste på dersom ein politisk seier at ein ikkje skal ha dei israelske komponentane, så vil det kunne ha store innverknader på andre deler av fregatten, seier Elvemo.

Lasse Elvemo ved Sjøkrigsskolen.

Hovudlærar ved Sjøkrigsskulen, Lasse Elvemo.

Foto: Sjøkrigsskolen

Han seier at kompleksiteten er svært høg i korleis forsvarsmateriell er sett saman.

– Vi har ein tendens til å undervurdere kor komplekst det er, seier Elvemo.

Han viser blant anna til skrekkeksempelet kring innkjøpet av 14 NH90-helikopter – som enda med at Noreg braut kontrakten og leverte tilbake helikoptera ein allereie hadde fått.

Les også Skal norske sparepengar vere investert i Maersk?

et stort lasteskip som frakter containere

Forsvarsministeren: Uaktuelt å bytte komponentane

Norske styresmakter har heile vegen vore tydelege på at den første fregatten bør bli levert i 2029 eller 2030, og den siste helst innan 2040, for å unngå å bruke pengar på vedlikehald av dei gamle Nansen-fregattane.

Britane kan ikkje stadfeste når Noreg kan forvente å få sin første fregatt.

– Om nye komponentar må testast, så vil det openbert forseinke leveringa. Erfaring tilseier at det er stor risiko for at det også kan bli dyrare, seier Elvemo.

Tore O. Sandvik i dress og slips

Forsvarsminister Tore O. Sandvik avviser utskifting av dei israelske komponentane.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Forsvarsminister Tore O. Sandvik står fast på at det ikkje er aktuelt å bytte ut dei israelske komponentane.

– Vi kan ikkje no risikere å gjere tilpassingar som aukar prisen, svekke ytinga, eller på andre måtar gjer at Noreg får skreddarsaum og må drive eige vedlikehald på fregattane, seier Sandvik til NRK.

AKTUELT NÅ