Hopp til innhold

Ap krev nemnd-grunngjevinga på bordet

Stortingsrepresentant Jette Christensen (Ap) krev offentleggjering av den uavhengige nemnda si grunngjeving for at offiseren som gav ordre om at ein kvinneleg soldat skulle bade naken saman med mannlege kollegaer, blir offentleggjort.

Offiseren som beordret en kvinnelig soldat til å bade naken sammen med 35 gutter blir ikke refset av sine egne.
Se debatten om saken mellom Høyres Regina Alexandrova og Arbeiderpartiets Jette Christensen fra Dagsnytt Atten 3. november 2014.

VIDEO: Debatt om oppheving av nakenbading-refs.

Ho reagerer sterkt på at grunngjevinga frå den uavhengige nemnda, som har trekt tilbake refsen offiseren fekk for tre år sidan, blir halden hemmeleg.

– Vi treng å vite om det er tolkinga av regelverket som er feil, eller om det er regelverket som er feil. Det er viktig at det blir rydda opp i dette raskt, seier Jette Christensen.

Alice Asplund

Alice Asplund vart tvungen til å bade naken saman med mannlege medsoldatar.

Foto: Georg Austad/Forsvaret

Nemnda det er snakk om har namnet Klagenemnda for disiplinærsaker i Forsvaret.

– Menneska viktigast

Ho meiner dei ansvarlege, både den politiske og militære leiinga i Forsvaret, snakkar med to tunger i denne saka. Dei gir på den eine sida full støtte til den kvinnelege soldaten, samstundes som forsvarsministeren seier at det er naudsynt å godta avgjerda i nemnda.

– Vi må hugse på at menneska er den viktigaste ressursen til Forsvaret, og då må regelverket tilpassast dei. No er det viktig å sjå på nemndstrukturen på nytt, sa Jette Christensen i Dagsnytt 18 i kveld.

Ho viser til at både forsvarsministeren og forsvarssjefen har gått ut og sagt at det soldaten Alice Aspelund vart utsett for, var totalt uakseptabelt og i strid med det norske forsvaret sine verdiar.

LES OGSÅ: Forsvarsministeren endrer ikke loven etter nakenbading-kritikk

LES OGSÅ: – Nakenbadingen er uttrykk for et holdningsproblem i Forsvaret

– Uheldig avgjerd

Forsvarspolitisk talskvinne i Høgre, Regina Alexandrova, er samd i at det Aspelund vart utsett for var heilt uakseptabelt, og ho meiner også at det er uheldig at ei uavhengig nemnd har kome til eit heilt anna avgjerd enn det både forsvarsministeren og forsvarssjefen.

– Det er likevel viktig å sjå heilskapen her. Det er ingen tvil om kva Forsvaret og forsvarsministeren meiner om denne saka, og det er eg glad for. Det viktigaste no er at Forsvaret held fram med det gode arbeidet med å hindre at slike uheldige ting skjer igjen, seier Alexandrova.

Ho viser blant anna det såkalla HEL-programmet, som skal vere med på å gjere situasjonen for kvinner i Forsvaret betre. Dette programmet tek føre seg etikk og leiarskap, og det handlar om å oppføre seg og handtere ulike situasjonar.

– Dette programmet gjennomsyrer heile Forsvaret, seier ho.

– Jeg skjønner at det kan være vanskelig å forstå, sier Forsvarets personalsjef Tom Simonsen om opphevelsen av nakenbadrefsen. Se innsalget fra Dagsnytt Atten 3. november 2014.

VIDEO: Personalsjef Tom Simonsen i Dagsnytt 18.

– Uakseptabel handling

Personalsjefen i Forsvaret, Tom Simonsen, gjentek at trass i at refsen av offiseren som gav ordren er oppheva av ei uavhengig nemnd, så står Forsvaret fast på at Alice Aspelund vart utsett for ei uakseptabel handling. Han forstår at mange synest det er vanskeleg å forstå at nemnda har kome til ei slik avgjerd.

Han har ikkje sett grunnlaget for avgjerda, og sidan dette er ei personalsak kan han ikkje seie noko av grunngjevinga.

– Forsvaret seier at ingen skal tvingast til å bade nakne mot si vilje, samstundes som nemnda seier at det kan dei. Er ikkje regelverket i pakt med tida vi lever i?

– Lovverket er godt nok, generelt sett. Dette handlar om haldningar, etikk og leiarskap. Vi har sterkt fokus på haldningsskapande arbeid og vi har gode rapporteringsrutinar, seier Tom Simonsen.

– Jenter trivst i Forsvaret

Simon kjenner ikkje til at det har vore liknande saker i Forsvaret. Det er mellom 8000 og 10.000 vernepliktige inne kvart år. Han viser til ein rapport som seier at 91 prosent av jentene fortel av dei trivst god eller svært godt i Forsvaret. Det tilsvarande talet for gutar er 72 prosent.

AKTUELT NÅ