Hopp til innhold

Stoltenberg: – Tilpassingar, ikkje kutt

Regjeringa sine planar om å kutta drastisk i uførepensjonen, får fagforeiningane til å koka. – Det er snakk om tilpassingar, ikkje kutt seier statsminister Jens Stoltenberg.

Video Forslag om pensjonskutt

Mange reagerer sterkt på regjeringa sitt forslag om å kutta i stønaden til dei uføre.

Regjeringa vil kutta i pensjonen til uføretrygda, viser eit hemmeleg, internt notat frå Arbeidsdepartementet som NRK har fått tilgang til.

I notatet vert følgjande tiltak lista opp:

  • Uførestønad skal skattast som løn. I tillegg vert maksbeløpet som uføre kan tena utan å få kutt i uførestønaden til berre 15 000 i året.
  • Omfattande innstramming i stønaden til uføre med born
  • Pensjonsåra til uføre skal levealderjusterast

– Dette er eit fattigdomsfremjande forslag. Eg kan ikkje skjønna at ei raudgrøn regjering kan leggja fram forslag om så dramatiske kutt i ei uførepensjonsordning, seier Jarl Ovesen som er assisterande generalsekretær i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO).

Han får støtte frå hovudorganisasjonane UNIO og LO.

– Får ikkje nytte av levealderjustering

– Me er klare til å kjempa for å behalda dagens nivå på pensjonen, seier LO-sjef, Roar Flåthen.

Særleg spørsmålet om levealderjustering er eit nederlag for hovudorganisasjonane LO og Unio. Det betyr at den einskilde må arbeida lenger for den same pensjonen i og med at me lever lenger.

– Ein skal no kunne jobba lenger og dermed kompensera for den såkalla levealderjusteringa i framtid. Det kan ikkje dei uføretrygda nettopp fordi dei er uføre. Dette er ei gruppe som bør fredast for kutt i pensjonsordninga, meiner sjeføkonom i Unio, Erik Orskaug.

Unio og LO varslar no harde forhandlingar om uførepensjonen, men statsminister Jens Stoltenberg avviser at forslaget dreier seg om kutt.

Statsministeren avviser kutt

Jens Stoltenberg

- Ordningane skal bli lettare, også det å kombinera arbeid og trygd, seier statsminister Jens Stoltenberg.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

– Det er feil at det er snakk om å kutta i uførepensjonen. Det me diskuterer er korleis me skal tilpassa ein ny uførepensjon til eit nytt alderpensjonssystem, seier Stoltenberg til NRK.

Ifølgje statsministeren vil alderspensjonen til dei som har vore uføre dessutan auka i åra som kjem.

– Dette er komplisert, men samla sett vil ikkje dei uføre oppleva kutt i sine ytingar.

– Feil fokus

Regjeringa sitt argument for forslaget er at flest mogleg skal jobba lengst mogleg, og at ein difor ikkje skal kunne tena meir som uføretrygda.

Ovesen i FFO meiner regjeringa heller må fokusera på tiltak som gjer det lettare å koma tilbake i arbeidslivet for dei som i dag er uføretrygda.

– Det viktigaste denne regjeringa kan gjera om dei er uroa for utgiftsveksten på budsjetta i åra framover, er å skaffa jobb til nokon av dei 78 000 funksjonshemma som ønskjer å koma i arbeid men som ikkje kjem inn døra til arbeidslivet, seier han.

Arbeidsdepartementet påpeiker at regjeringa ikkje har konkludert i saka.

AKTUELT NÅ