Hopp til innhold

– Gammaldags og skremmande retorikk

– Politikar Sanna Sarromaa tek opp eit viktig spørsmål, men ho angrip frå heilt feil vinkel, meiner Aleksander Helmersberg, som sjølv har ei dotter med downs syndrom.

Milla og Aleksander Helmerberg

Aleksander Helmerberg i lag med dottera Milla.

Foto: Privat

Det har vore ein storm av kritikk og hets etter at eit internt notat skrive av kommune- og fylkespolitikar frå Oppland Venstre, Sanna Sarromaa vart kjent onsdag.

I notatet skildrar Sarromaa eit besøk i ei andreklasse ved ein skule på Lillehammer. Bakerst i klasserommet sit ein gut med downs syndrom og autisme. Ho var der for å sjå korleis skulen brukar iPad i undervisninga.

Sarromaa hevdar at ho blei provosert av måten guten blei «liksom-inkludert» på.

Politikaren har trekt seg som følgje av kritikken.

– Sarromaa angrip frå feil vinkel

Milla og Aleksander Helmerberg

Aleksander Helmersberg var aktivt med i ein debatt om latterleggjering av downs syndrom i fjor.

Foto: Privat

Aleksander Helmersberg engasjerte seg sterkt i ein debatt om barn med downs syndrom i fjor. Dottera Milla på tre og eit halvt år går i ein vanleg barnehage, og er med på dei vanlege aktivitetane.

– Milla har enormt stort læringsutbytte av å gå i vanleg barnehage. Den sosiale arenaen for henne er ekstremt viktig. Ein kan ikkje skjære alle over ein kam, alle har ulikt utbytte og behov, seier Helmersberg.

Han synest debatten er viktig. Debatten om born med spesielle behov får den rette oppfølginga og ekstra støtte. Men han meiner det kjem feil ut.

– Dersom Sarromaa har ein bodskap om at guten treng eit betre pedagogisk opplegg, så kjem det dårleg fram, seier han. Alle barn har krav på å vere i ein sosial setting der dei kan uttrykke seg og utfolde seg. Det gjeld jo alle barn, meiner han.

Var i klasserommet i 15 minutt

Han reagerer også på at dette utspelet kom etter eit besøk på 15 minutt i den aktuelle klassa, og karakteristikkane som vart brukt om denne guten.

– Eg synest det er brukt ein del karakteristikkar om denne guten som ikkje høyrer heime nokon stad. Eg synest også det er feil at ein politikar skal vurdere pedagogisk utbytte etter 15 minutt, fortel Aleksander Helmersberg.

– Ville ikkje ordlagt meg på same måte

Sanna Sarromaa

Sanna Sarromaa seier ho ikkje ville ordlagt seg på same måte dersom ho visste notatet ville bli kjent.

Foto: Keane Studios

Sarromaa meiner inkludering må gjerast rett, dersom det skal vere nokon vits.

– Det er eit vakkert og flott prinsipp, men det skal resultere i eit fellesskap. Dei femten minutta eg såg viste ikkje eit fellesskap.

Politikaren fortel at ho ikkje hadde ordlagt seg på denne måten, dersom ho visste at notatet skulle ende opp i media.

– Dersom eg visste at du skulle diskutere kvart ord eg har skrive, ville eg nok ikkje sagt det på denne måten, seier ho.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger