Torsdag kjem nye episodar i NRK-podkasten «Hele historien – spionen Arne Treholt». Her blir det presentert informasjon og lydopptak som aldri tidlegare har vore offentleggjort.
Den norske etterretningstenesta overvaka Arne Treholt i mange år før han blei arrestert i 1984. Men dei overvaka også fem andre nordmenn dei mistenkte var i teneste for KGB.
Høyr den første episoden:
Overvaka fleire mistenkte
Blant det som kjem fram i podkasten er at Arne Treholt, som fekk kodenamnet «Foxtrot» ikkje var den einaste nordmannen etterretningstenesta mistenkte for å vere fanga i den sovjetiske etterretningsorganisasjonen KGB sitt spionnett.
Også dei andre mistenkte hadde kodenamn knytte til dans, «Rumba», «Samba», «Masurka», «Tango» og «Vals».
Knut Ringstad var aktiv i Unge Venstre på 1970-talet, og unge radikale politikarar var ettertrakta av KGB. Han enda opp som dobbeltangent på denne tida. Han fortel i podkasten at han kom i kontakt med ein russisk ambassadetilsett.
Dei hadde middag saman. Dei drakk ikkje så mykje alkohol under middagen, men etterpå bestilte russaren ei heilflaske Martini.
– Du må hjelpe meg
Knut Ringstad slik han ser ut i dag.
Foto: Privat– Vi drakk den flaska. Då sa han at eg måtte hjelpe han med informasjon, sidan vi var vener. Eg svarte at det han bad om var langt over det eg kunne dele med ein sovjetisk ambassadetilsett, og eg lova han ingenting, fortel Ringstad.
Han fortalde Venstre-leiinga om det han hadde opplevd, og dagen etter vart han avhøyrt av politiet. Dei bad han om å halde fram dialogen med KGB-agenten, og dei fora han med dokument han skulle gi til sovjetrussaren.
– Eg gav han dokument og han gav meg pengar. Ein gong skjedde utvekslinga på toalettet på Jeppes Kro på Vinderen i Oslo, og der var det frykteleg trongt, minnest Ringstad.
Seinare hadde dei avtalt eit møte på Grefsen Kro, men då møtte ikkje KGB-mannen opp. Dagen etter las Knut Ringstad i avisa at ein KGB-agent var utvist frå Noreg, og då forstod han kvifor det ikkje vart noko møte kvelden før.
Arne Treholt (t.v.) saman med KGB-agentane Gennadij Titov og Aleksandr Lopatin i Wien i august 1983.
Foto: Politiet / NTB scanpix– Vanskeleg å rekruttere
Tidlegare KGB-offiser Mikhail Lyubimov seier til NRK at Arne Treholt var ein av dei viktigaste sovjetiske agentane i Europa, og at han også kjem høgt opp på lista for heile verda. Han fortel elles at det var svært vanskeleg å rekruttere sovjetiske agentar i Vesten.
– Herregud, det var vanskeleg. Eg klarte berre fire i løpet av heile karrieren. min. Noreg var interessant berre fordi landet var medlem av Nato, seier Lyubimov til NRK.
Han legg til at dei fleste KGB-agentane ikkje greidde å rekruttere ein einaste spion i løpet av heile karrieren.
Mikhail Lyubimov har fått kompensasjon av NRK for tapt arbeidsfortjeneste for å stille opp i podkasten Spionen Treholt.
Ny episode av podkasten om Arne Treholt blir publisert i dag.
Foto: NRK