Hopp til innhold

3300 kvinner sel sex i Noreg

Godt over halvparten av kvinnene tek imot kunder heime i bustaden sin.

Prostituert
Foto: Illustrasjonsfoto: : www.colourbox.no

Ein femtedel av desse er asiatiske kvinner som har hamna i pengetrøbbel etter å ha kome til landet gjennom ekteskap.

Sex-annonser

Til dagleg jobbar kvinnene som vaskehjelp eller stuepiker, men prøver å spe på løna ved hjelp av sex-annonser på nettet.

Her legg dei ut nakenbilete og telefonnummer for å koma i kontakt med menn som vil kjøpa tenestene deira.

Ingen av jentene NRK har kontakta ynskjer å stilla til intervju, men alle kvinnene seier dei har vore avhengige av den ekstra inntekta som sex-salet gjev.

Video nsps_upload_2008_12_9_8_32_22_3122.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: 3300 kvinner sel sex i Noreg


Tek opp lån

Marianne Tveit i Fafo

Marianne Tveit i Fafo.

Foto: Fafo

Forskar i Fafo, Marianne Tveit, meiner det er ulike årsaker til at asiatiske kvinner tyr til prostitusjon.

- Problemet er at dei ikkje heilt veit korleis den norske økonomien fungerar før dei flyttar til Noreg, og lover for mykje pengar til familiane i heimlandet.

- Me har også snakka med asiatiske kvinner som har teke opp forbrukslån på rundt 500.000 kroner i Noreg for å betala for hus og bilar til familiemedlemmar i til dømes i Thailand, seier ho og legg til:

- Desse låna kan også bli tekne opp utan at ektefellene veit om dette slik at kvinna står aleina om å betala tilbake denne gjelda.

- Fleire tiltak

Fafo meiner styresmaktene bør finna eit alternativ til dei prostituerte kvinnene når forbodet mot kjøp av sex trer i kraft i januar.

LES: Sexkjøp blir forbode i Noreg

- Det er allereie kome på plass mange tiltak frå politi, helsevesen og frivillige organisasjonar som skal ta vare på dei prostituerte når forbodet mot sexkjøp tek til ved nyttår, seier justisminister Knut Storberget.

- At så mange av dei prostituerte er asiatar med tilknyting til landet viser at det er eit komplekst bilete, og eg vil følgja saka tett, seier han.

AKTUELT NÅ