NRK Meny
Normal

22. juli-beredskapen under lupa

Kunne politiet ha reagert raskare og annleis då terroren råka Noreg den 22.juli? Kvifor fekk Anders Behring Breivik avretta ungdommar på Utøya i over ein time før han blei arrestert?

Beredskapen i Oslo og på Utøya den 22.juli

Politiet seier dei er opne for innspel om betringar i den endelege evalueringa av beredskapen 22.juli, men at dei gjorde så godt dei kunne i situasjonen som oppstod.

Foto: Montasje / NRK / Scanpix

Mange spørsmål heng framleis i lufta som opne sår etter terroren på norsk jord 22.juli.

Stoltenberg-regjeringa har oppretta sin viktigaste kommisjon: 22. juli-kommisjonen. Dei ti medlemmene i denne blei presenterte fredag 12.august, og saman skal dei gje svar på mange spørsmål knytta til ugjerningane og ikkje minst styresmaktene si handtering av situasjonen.

Det kan ta oppimot eitt år før kommisjonen sin rapport er klar. Men som følgje av spekulasjonar og påstandar om at politiet tok ukloke avgjerder, har politiet også vald å svara på mange av spørsmåla før Kommisjonen tek fatt på si evaluering av beredskapen.

Respons, ressursar og samarbeid

– Me ønskjer ei evaluering som er open og som gir tillit til at politiet og samfunnet vil lera av det som har skjedd. Gjennom det vil me også verta betre førebudde på liknande opplevingar i framtida, seier politidirektør Øystein Mæland til NRK.

Mange av spørsmåla som den uavhengige kommisjonen skal freista å gje svar på, er knytte til 1) politiet sin tidsbruk, 2) tilgang til og faktisk bruk av ressursar og 3) politiet sitt samarbeid med Forsvaret.

Her er nokon av dei vanskelege spørsmåla som skal under lupa.

Video Politiet innrømmer omveg til Utøya

Mange stiller spørsmål ved at det tok lang tid før politiet kom seg til Utøya og fekk stoppa massakren. Her er den nasjonale beredskapsstyrken etter at den gjekk i land på Utøya kl.18.25.

Foto: Nyhetsspiller

1.Tidsbruk

  • Kva tid blei politiet informert om skytinga på Utøya?
  • Kor raskt reagerte Beredskapstroppen?

Den nasjonale beredskapstroppen var framme ved kaien på fastlandssida i Buskerud klokka 18.09, 36 minutt etter at den første ambulansen var på plass.

  • Kvifor tok det over éin time frå Anders Behring Breivik starta massakren til han vart pågripen av politiet?

Ifølgje fleire kjelder skal skytinga ha starta rundt klokka 17.15. Den første naudmeldinga til AMK-sentralen er registrert kl.17.24. Arrestasjonen skjedde klokka 18.27.

Fleire av dei som overlevde massakren fortel at dei ikkje kom gjennom på naudnumra då skytinga gjekk føre seg. Telenor og Netcom stadfestar at basestasjonane i nærleiken til tider var overbelasta.

Den terrorsikta har også fortald i avhøyr at han forsøkte å ringja politiet fleire gonger for å overgje seg. Då bodskapen hans ikkje nådde fram, heldt han fram med å drepa ungdommane på øya.

  • Kor mykje tid kunne Beredskapstroppen ha spart dersom dei hadde teke raskaste vegen til Utøya i ein stor nok båt?

Beredskapstroppen som blei sendt til Utøya for å stoppa massedrapsmannen tok ein tre kilometer lang omveg.

Politet har innrømt overfor NRK at denne framgangsplanen var lite føremålstenleg.

NRK kjenner til at beredskapstroppen først køyrde med bil til Utvika, der sjøvegen til Utøya er kortast, men snudde då lokalt politi ba dei køyra til ein kai lenger unna. Oslopolitiet seier onsdag at det er Nordre Buskerud politidistrikt som må svara for val av oppmøtestad.

I ei pressemelding frå politidistriktet heiter det at det var «polititaktiske vurderingar» som gjorde at valet fall på Storøya

Sjøruter til Utøya

Politiet valde den lengste sjøvegen til Utøya.

Foto: Illustrasjonskart / NRK

Beredskapstroppen brukte i tillegg ein gummibåt som var ueigna til så tung last. Båten fekk motorstopp, tok inn vatn og spesialstyrken måtte låna båt av ein tilfeldig båtførar i området.

Beredskapstroppen skal ha gjeve klar beskjed til lokalt politi om at dei måtte ha minst to båtar klare til bruk ved ankomst. Nordre Buskerud hadde likevel berre ein gummibåt klar då dei tungt væpna styrkane kom fram.

Politiet har ein plan for kva bygg som skal sikrast når terror-alarmen går, og Stortinget står høgt på prioriteringslista.

2. Politiet sine ressursar

  • Kvifor blei ikkje den spesialtrente terroreininga i politiet (UEH) varsla etter bombeeksplosjonen i Regjeringskvartalet?

Sentrale politikjelder seier til NRK at UEH raskt kunne ha samla mellom 30-40 spesialtrente tenestemenn til å bistå politiet i Oslo etter bombeattentatet.

  • Korleis kan det ha seg at varslingssystemet svikta under terroren 22.juli? Kva konsekvensar fekk det for redningsarbeidet?

Den store pågangen etter terrorangrepet i Oslo førte til at det automatiske varslingssystemet braut saman. Mange spesialtrente politifolk fekk dermed aldri beskjed om å koma på jobb.

Allereie i 2006, under ei anti-terror-øving i oslo, vart denne mangelen på kommunikasjon mellom etatane i krisearbeid avdekt.

  • Kvifor gav lokalt politi Beredskapstroppen feil informasjon om tilgangen på båtar i Utvika?

Beredskapstroppen frå Oslo kom først til Utvika, som har ein kai snaue 700 meter frå Utøya. I denne småbåthamna låg det minst 20 fritidsbåtar kvelden 22.juli.

Politi frå Nordre Buskerud som var på staden, sa likevel at det ikkje fanst båtar der, og dirigerte bilen med spesialstyrken til Storøya, der sjøvegen til Utøya er om lag fem gonger så lang.

  • Kvifor blei ikkje politihelikopteret teke i bruk?

Helikopteret kan fly til Utøya på mindre enn ti minutt. Istaden brukte beredskapstroppen meir enn 50 minutt med bil og båt. Først to timar etter at Behring Breivik vart lagt i jern på Utøya, kom politihelikopteret seg i lufta i Oslo.

LES OGSÅ: Hadde ikke politihelikopter under terror-angrepet

Politiet har offisielt avvist at helikopteret kunne ha redda liv fordi det primært er eit observasjonsvektøy som uansett ikkje hadde hatt plass til politiet sin Delta-styrke.

Video Helikopterbilder Utøya råklipp

Utan å vera klar over det hadde NRK sitt helikopter klar sikt på drapsmannen før politieet kom til Utøya.

Foto: NRK

Helikopteret, som blei ståande på bakken, kunne likevel ha teke med seg ein eller to skarpskyttarar til å uskadeleggjera Anders Behring Breivik frå lufta, ifølgje kjelder som Dagsavisen har snakka med.

Tidlegare politisjef i Oslo, Finn Abrahamsen har også påpeika at det teknisk velutstyrte helikopteret uansett kunne vore nyttig som observasjonsplattform for å gje politiet betre innsikt i hendingsforløpet.

TV2 har også avslørt at det stod eit ubrukt Sea King-helikopter med plass til 8-10 personar på Voldsløkka i Oslo, ein kort køyretur unna sentrum der beredskapstroppen var.

Tilbakeviser helikopter-kritikk

På ein pressekonferanse 10.august tilbakeviste stabssjef i Oslo Politidistrikt, Johan Fredriksen, påstandane om at dei ville ha nådd fram raskare dersom dei hadde brukt helikopter:

– Det vert teikna eit bilete om at me kunne ha vore på Utøya i løpet av åtte minutt. Det stemmer absolutt ikkje. Me kunne ikkje ha landa på Utøya, og måtte ha brukt båt uansett, uttalte Fredriksen.

Han fortalde også at det omtalte Sea King-helikopteret blei rekvirert i «helsesporet» av AMK Oslo/Akershus.

Leiaren for politiet si helikopterteneste, Ole Vidar Dahl, seier det er nyttelaust å diskutera i kva grad helikopteret kunne ha redda liv dersom det hadde vorte kalla inn til Utøya.

– Grunnen til at politihelikopteret ikkje blei brukt den 22.juli, var kort og godt ferieavvikling. Tenesta var ikkje operativ, seier han til NRK.

Johan Fredriksen

Johan Fredriksen er stabssjef i Oslo-politiet. Han avviser at politiet kunne ha kome seg raskare til Utøya ved å bruka helikopter i staden for bil og båt.

Foto: NRK

3. Samarbeid med Forsvaret

  • Kvifor tok det tre timar frå det første terroråtaket til den spesialtrente antiterrorgruppa til Forsvaret sin spesialkommando blei rekvirert?

Ifølgje politidirektør Øystein Mæland er det politileiinga lokalt (i dette tilfellet Nordre Buskerud) som må vurdera om ein skal be Forsvaret om bistand.

Einskilde peikar no på at Noreg bør ha ein nasjonal politisjef som kan handtera store krisesituasjonar og lettare vurdera kva tid det er naudsynt å be om bistand frå Forsvaret.

  • Kvifor vart ikkje Forsvaret sine helikopter på Rygge kalla ut like etter bombeeksplosjonen?
Eystein Kvarving på Kreta

Eystein Kvarving er pressetalsmann i Forsvaret.

Foto: Lars Magne Hovtun, Forsvaret

Politiet ba Forsvaret (uformelt) om helikopterbistand først etter at gjerningsmannen var pågripen - halvannan time etter terrorangrepet mot Regjeringskvartalet.

– Det første av Forsvaret sine helikopter letta frå Rygge kl.18.55. Helikopteret, som skulle bistå politiet, blei ikkje formelt rekvirert før kl.19.26, opplyser pressetalsmann i Forsvaret Eystein Kvarving til NRK.

Hadde Forsvaret sine helikopter i 330-skvadronen vorte kalla inn til Oslo umiddelbart etter at det small i Regjeringskvartalet, kunne dei ha flydd til Utøya på langt kortare tid enn det beredskapstroppen gjorde med bil og båt, opplyser forsvarskjelder til Dagsavisen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger