Hopp til innhold

- JSF kjem aldri på vengjene

Dei amerikanske jagarflya som regjeringa vurderer å kjøpe, kjem neppe til å verte produserte, seier direktør Jon Bingen i Norsk institutt for strategiske studiar.

Joint Strike Fighter
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

19. desember skal regjeringa bestemme seg for om Noreg skal kjøpe svenske JAS Gripen-fly eller Joint Strike Fighter-fly, frå den amerikanske produsenten Lockheed Martin.

- For dyrt

Jon Bingen meiner Joint Strike Fighter-flya truleg aldri kjem på vengjene, fordi dei vert for dyre å produsere, og fordi den amerikanske staten ikkje treng dei.

- Dette er eit fly som er konstruert for situasjonen i Europa på 1980-talet. Det er eit fly med eigenskapar det amerikanske luftvåpenet ikkje treng i særleg grad og det er heller ingen europeiske marknadar for dette flyet. I tillegg er flyet svært dyrt.

- Difor trur eg ikkje dette er eit prosjekt som kjem til å gå gjennom i Kongressen. I alle fall ikkje etter dei siste åras uro i amerikansk økonomi, seier Bingen.

Andre alternativ

Bingen trur dermed ikkje at Noreg vil få det flyet regjeringa har vorte førespegla, dersom valet fell på fly på den amerikanske produsenten.

- Det kjem truleg i realiteten til å stå mellom JAS og ein annan og litt eldre amerikansk flymaskin.

Avviser påstanden

Våpenprodusenten Lockheed Martin er viss på at den nye demokratiske administrasjonen i USA ikkje vil stoppe JSF-programmet og understrekar at det vart starta medan Bill Clinton var president.

- Vi kjenner oss sikre på at JSF vil kome på vengjene som planlagt, seier den internasjonale direktøren hjå Lockheed Martin til NRK.

Rapportar Kongressen har fått dei siste månadene, syner derimot at produksjonen av JSF både vil verte forseinka og kanskje meir enn 200 milliardar kroner dyrare enn planlagt.

AKTUELT NÅ