Hopp til innhold

Vil låne meir for pengar for å hjelpe folk å få bustad

Steigen vil låne meir for å hjelpe folk til å skaffe seg bustad, skriv Avisa Nordland.

– Det kan vere for eksempel småbarnsfamiliar, eldre, innvandrarfamiliar eller personar med nedsett funksjonsevne, som får nei frå vanlege bankar, men som vi likevel vurderer at har evna til å betene eit lån.

Det forklarte seniorrådgivar Marianne Hansen då formannsskapet i Steigen, måndag ettermiddag, einstemmig vedtok å utvide rammen for såkalla startlån frå Husbanken frå sju til 15 millionar kroner.

Husbanken er ein norsk statleg etat som er underlagt Kommunal- og distriktsdepartementet og skal bidra til at dei som ikkje sjølv klarar det, kan skaffe seg og halde på ein bustad.

Ordninga går ut på at Husbanken lånar ut midlar til kommunane, som igjen lånar midlane ut til sine innbyggarar.

Steigen kommune hadde 1. mai i år utlån av startlån på om lag 40 millionar kroner utlånt som startlån.

Ifølge Avisa Nordland viser regnskapa at det har vore låge tap på utlån av startlån. Risikoen for Steigen kommune knytt til utlån av startlån blir derfor vurdert som låg.

Steigen kommune, ordfører Aase Refnes
Foto: Ole-Fredrik Lambertsen