Vil bygge Europas første utsleppsfrie ammoniakkfabrikk
Selskapa Fuella og Skipavika Innovation har planer om amoniakkfabrikk til sju milliardar kroner i Korgen i Nordland.
Planane for det som blir Europas første fullskala-anlegg for produksjon av utslippsfri ammoniakk, vart lagt fram i Gulen i Vestland i føremiddag. Går alt etter planen, startar bygginga i industriområdet Skipavika ved Sløvåg i løpet av neste år. Fabrikken som med ein prislapp på nær fire mrd. kroner skal gi 50 nye arbeidsplassar og levere ammoniakk til bruk i kunstgjødsel og som drivstoff til skip. Selskapa Fuella og Skipavika Innovation står bak planane som fylkesordførar Jon Askland i Vestland klipte snora for.
Når anlegget i Gulen står ferdig, har dei same selskapa planer om ein dobbelt så stor fabrikk til sju milliardar kroner i Korgen i Nordland.