Hopp til innhold

VG: Legevakta i Bodø bryt fleire lover

Statsforvaltaren i Nordland har hatt tilsyn med legevakta i Bodø der dei har funne fleire svakheiter.

VG skreiv først om saka.

Svakheitene er:

• Det er ikkje lagt til rette eller følgt med på om omsorgstenestene ved legevakta er forsvarlege.

• Legevakta svarar ikkje normalt innan tidsfristen.

• Kontakt mellom legevakta og lege i distriktet er ikkje sett i system.

I tilsynsrapporten, som NRK har sett, skriv statsforvaltaren at konsekvensane av dette kan vere at pasientar ikkje får nødvendig helsehjelp til riktig tid.

Det er avdekka lovbrot på følgande:

• Helse- og omsorgstenestelova

• Helsetilsynslova

• Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta

I rapporten kjem det fram at legevaktsentralen i Bodø normalt ikkje svarar 80 prosent av telefonførespurnadar innan to minutt, som er kravet. Det er også avdekka at fleire telefonar ikkje blir besvart.

Arne Myrland seier til VG at dei har sett i verk tiltak. Han er avdelingsdirektør for helse og omsorg i Bodø.

– Dette viser effekt allereie, og vi har no ein svarprosent i 2024 på 69 prosent, som er over landsgjennomsnittet på 67 prosent. Likevel er vi ikkje fornøgde med dette og arbeidet held fram, seier Myrland til avisa.

Myrland påpeikar at Bodø også har fått skryt.

– Spesielt dette med opplæring og kompetanse blant dei tilsette, og at statsforvaltaren er nøgd med den faglege kvaliteten på handteringa av dei samtalane, seier Myrland.

Bodø
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK