Hopp til innhold

Vann kulturpris for arbeid med storfilm

Tom Vidar Karlsen og Storyline NOR er vinnaren av årets kulturpris, opplyser Nordland fylkeskommune.

I var det 39 nominasjonar til kulturprisen.

– Det er intet mindre enn imponerande, skriv fylkeskommunen i pressemeldinga.

Tom Vidar Karksen i Storyline NOR og Per Gunnar Skotåm, som har vore eksekutiv produsent for filmen «Sulis 1907» mottok prisen.

Årets prisvinnar har i fleire år jobba med realisering av filmen «Sulis 1907», forteljinga om arbeidarkampen og kobbargruvene i silitjelma. Filmen tar for seg faktiske hendingar ved det som i si tid var Noregs nest største arbeidsplass.

104 menneske mista livet gjennom 104 år med gruvedrift.

I grunngjevinga for prisen står det at forteljinga har vore ein underkommunisert del av norsk historie, ikkje minst av arbeidarbevegelsen si historie. No er historia gjort kjend for heile landet.

Årets vinnar av Nordland fylkeskommune sin kulturpris mottar 50.000 kroner i tillegg til eit originalt verk av nordlandskunstnaren Espen Tversland.

To menn ser i kamera med bukett og bildepremie etter å ha mottatt pris, årets kulturpris.
Foto: Trond-Erlend Willassen / NRK