Hopp til innhold

Utsett på ubestemt tid

Fjernstyringa som skulle gjere Nordlandsbana effektiv er skubba ut i det blå, stadfestar Jernbaneverket.

Tog

Den elektoniske fjenstyringa av Nordlandsbana er utsett på ubestemt tid.

Foto: Knai, Vidar / SCANPIX

Den elektoniske fjenstyringa av Nordlandsbana er utsett på ubestemt tid. Fjernstyringa vil auke kapasiteten og gjere bana billigare å drive. Anlegget skulle ha vore på plass i 2009 men no veit ikkje Jernbaneverket når det kan stå ferdig. Det stadfestar informasjonssjef i utbyggjingdivisjonen, Kjell Bakken.

- Det veit me ikkje enno. Det er avhengig av godkjenninga av det fyrste anlegget på ein godsterminal utanfor Stavanger, seier Bakken.

Under utprøving

Det nye elektroniske fjernstyringsanlegget som skal gjere Nordlandsbana meir effektiv er enno under utprøving på ein jernbanestasjon ved Stavanger. Og før det kan monterast må det typegodkjennast av jernbanetilsynet.

- Det vil ta seks månadar, seier Bakken.

I dag kan det berre køyrast eitt tog om gongen mellom to stasjonar. Med fjernstyring kan ein køyre fleire tog etter kvarandre og spare pengar fordi ein slepp tilsette på stasjonane. Men ein slik efektivisering må dei som brukar bana vente lenge på, for jernbaneverket kjem uansett til å prioritere fjernstyring av dobbeltsporet mellom Stavanger og Sandnes fyrst.

Råkar godstransporten

Informasjonsdirektør i CargoNet, Bjarne Ivar Wist seier dette råkar godstransporten på Nordlandsbanen.

- For oss er det veldig alvorleg. Når det gjeld Stavanger står me på trappene og vil starte og nytte tog me no ikkje får lov til. Når det gjeld Nordlandsbanen er fjernstyringa viktig for at me skal halde rutetabellen og gi eit best mogleg tilbod, seier Wist.