Hopp til innhold

Uroa for villaksen: – Laksefisket vi har vore vande med går mot slutten

Miljødirektoratet kjem med dystre spådomar for årets laksefiske. Men i lakseparadiset Beiarn har dei framleis trua på at villaksen lar seg redde.

– Der var han!

– Jadda!

Jubelen kom frå Sindre Stokkland som fanga sin livs laks i Beiarelva 2021.

Eit av dei gode åra:

I toppåret 2019 blei det fanga ni tonn laks til saman.

Men slike jubelrop blir det færre av langs elvebreiddene i Beiarelva. I fjor var fangsten her nede i tre tonn, heile seks tonn mindre enn fire år tidlegare.

Tilbakegangen gjeld lakseelver i heile landet og ekspertane klør seg i hovudet.

Nokre har peika på effekten av lakselus som rømmer frå oppdrettsanlegga, ein teori som blir avvist av blant andre Sjømat Noreg.

Heller ikkje Miljødirektoratet kan gi noko eintydig svar som peikar i ei bestemt retning. Årsakene er samansette.

Men noko av forklaringa ligg i ein dyster statistikk.

Sindre Stokkland

Laksefiskar Sindre Stokkan fornøgd med fangsten for tre år sidan.

Fagdirektør: – Dårlegaste nokon gong

I mange norske vassdrag er laksefiske allereie i gang. Og sjølv om fjorårets laksesesong var dårleg for den allereie utryddingstrua villaksen, skildrar Helge Axel Dyrendal situasjonen no som endå verre.

Han er fagdirektør i Miljødirektoratet, og bekymra for utviklinga for den utryddingstrua laksen.

– Den er ubegripeleg dårleg. Når du ser på det som er rapportert inn på dei ulike laksebørsene, så vil eg seie at dette i alle fall er den dårlegaste starten eg kan hugse nokon gong.

Sist han sjekka for Surna på Nordmøre, hadde dei fått tre laks.

Også Gaula, Namsen og Orkla ligg alle under det som er normalt på gitte tidspunkt.

– Eg trur nok at det laksefisket vi har vore vande med å ha går mot slutten, seier Dyrendal.

Orkla – laksens rike

Orkla, «laksens rike» er ei elv i Trøndelag og Innlandet fylke.

Foto: Monica Olsbakk Hage

Frå 20 til 2 prosent

Dyrendal forklarar at overleving i sjøen har stor betyding for kor mykje villaks som vender tilbake til elvene igjen.

Enkelte år har sjøoverlevinga, altså mengda fisk som kjem tilbake som vaksen fisk av det som gjekk ut, vore oppe i 20 prosent. Det er om du går langt tilbake i tid.

Mens i nyare tid er talet på det same ned mot 2 prosent.

– Då blir det veldig lite fisk som kjem inn samanlikna med det glade 70- og 80-tal.

Mange laksebestandar i Noreg er trua eller har allereie gått tapt og er halvert sidan 1980-talet, slår Miljødirektoratet fast.

Leiter etter daud laks

Også i Namsen i Trøndelag ligg under normalen.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Han viser til sjølaksefiske, som før har vore ein kystkultur som har breidd om seg langs heile kysten frå kilenota kom rundt 1850-1870, med opp mot 9.000 nøter på det meste.

– I dag er det berre nokre få hundre fiskarar, mest i Finnmark, som framleis held på med dette. Trass i det, slit ein med å nå produksjonsmåla i elvene, og det betyr jo at ein også då må begynne å knipe inn endå meir på fiske.

For laksefisket er redusert i både sjø og elv.

Halvert bestand sidan 1980

I 2015 blei laksebestanden skildra som livskraftig.

I 2021 blei han derimot merka som nær trua i Artsdatabanken og dermed raudlista. Årsaka er reduksjon i laksebestanden.

Ifølge Miljødirektoratet er det tre ting som utgjer størst trussel mot villaksen:

  • Rømt oppdrettsfisk
  • Lakselus
  • Pukkellaks

Tore Vatne, seksjonsleiar hos Statsforvaltaren i Nordland, seier det er vanskeleg å vere optimistisk til årets laksefiske.

– Fjoråret var kanskje det svakaste året vi har hatt dei siste tretti åra. Det var historisk svake fangstar av både laks og sjøaure i fjor. Og det blei registrert usedvanleg lite gytelaks i svært mange av elvene.

Tore Vatne

– Det blir spennande å sjå kva som skjer. Det er artig viss det slår til, seier Vatne.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

I tillegg er genetikken i storlaksvassdraga svekka på grunn av langvarig innkryssing av rømt laks frå oppdrettsanlegg.

Men det kan vere lys i enden av tunnelen, ifølge Vatne.

– Det er jo noko positivt. I fjor vekk vi jo veldig lite pukkellaks, mykje mindre enn vi hadde frykta.

Det er også enkelte vassdrag kor det er venta ein auke av villaks, som følge av at Nordland er blitt gyrofritt.

Og i Beiarn er dei positive enn så lenge.

Har framleis trua

Robert Selfors i Beiarn kommune er lidenskapeleg opptatt av laksefiske.

Som dagleg leiar i Beiarelva er han i full gang med førebuingane til årets laksefiske som startar no til helga. Trass dramatisk nedgang som bekymrar han, er han optimist.

– Det er fordi at vi hadde fire år med fantastisk tilbakekomst av gytefisk i 2016–2019. Avkommet frå dei fire åra skal kome her no i år og dei neste par åra.

Robert Selfors

Robert Selfors er optimistisk til betre tider for laksebestanden.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / Lars-Petter Kalkenberg, NRK

– Eg sa det same i fjor: Kanskje dei faktisk er i live men dei valte å stå i sjøen i eitt år til og kjem tilbake som mellomlaks. Så det er framleis håp, stadfester Selfors.

Mange folk kjem langvegsfrå til Beiarn i håp om å fange den store laksen.

Den store dagen for laksefiske i heile landet er 15. juni.

– Vi må gjere grep som bidrar til berekraft og ikkje eit større uttak, men eit uttak som er moderat som gjer at vi får bygd opp stammen igjen, seier Selfors om den låge bestanden av villaks, seier Selfors.

Etterlyser tiltak

Selfors etterlyser større forskingsinnsats i sjøen for å finne årsaka til den kraftige tilbakegangen. Som for eksempel å studere vandringsmønster og overlevingsgrad.

– Så har vi i alle fall moglegheit til å kunne gjere grep fordi vi veit kva som må gjerast, då har vi ei årsak. Men når vi står der som spørsmålsteikn og ikkje veit kva som skjer, så er vi handlingslamma, seier han.

– Nasjonale og lokale myndigheiter må ta dette ansvaret fullt og heilt fordi vi har med ein raudlista art å gjere.