Ferie. Eit konsept med mange variantar og oppskrifter.
Nokre brukar etterlengta ledig tid til oppussing. Andre blir heime, reiser på hytta eller drar av garde til varmare strøk.
Desse spring 14 maraton på 14 dagar, går rulleskøyter opp Galdhøpiggen og syklar heile landet på langs.
Spring 14 maraton på 14 dagar
Trønderane Hågen Fjørkenstad Dypdal og Bjørnar Veie er på si andre etappe i forsøket på å springe maratonserien sin.
– Det går sakte, men sikkert, framover. I dag er ein litt tyngre dag enn i går som var første etappen, seier Veie.
Maratonmakkerane er på sin andre av totalt 13 etappar.
Foto: PrivatDei skal springe 14 maraton på 14 dagar, langs Nordlandsruta.
Eit maratonløp svarar til fire mil, nærare bestemt 42,195 kilometer. Nordlandsruta er ei 650 kilometer lang tursti som går i grensetraktene mellom Noreg og Sverige gjennom Nordland.
– Kroppen kjennest heilt grei ut. Vi kjenner ikkje på belastningsskadar så tidleg og det er det som er viktig, seier Veie.
Han fortel at dei er mentalt førebudde på at det kjem tyngre dagar.
– Det er naturen og det å komme oss ut som motiverer oss. Så er det jo å sjå kva ein er i stand til, saman med eventyrlysta.
Etappane går mellom dalgangar i fjellterreng med mykje stigning. Depot med små forsyningar er lagt ut undervegs, og på ryggen har dei ein sekk kvar på 12 kilo.
Opp Galdhøpiggen på rulleskøyter
Og i Bodø flassar Øyvind Willumsen framleis frå fingertuppane etter all krabbinga mot slutten av turen opp Galdhøpiggen.
– Det var sjukt tungt. Vi hadde 1400 meter stigning frå der vi begynte å gå, seier han.
Kompisane med vanleg fottøy. Han på gamle, slitne rulleskøyter frå Finn.no.
På turen opp brukte dei om lag åtte timar.
Willumsen fortel at han samlar på historier. Det er eventyrlysta, og ønsket om å finne ut om det faktisk er mogleg, som motiverte Bodøværingen til påfunnet.
– Korleis var stemninga i gruppa?
– Skikkeleg dårleg på slutten. Men veldig bra i starten. Då var alle veldig samla, men etter kvart blei det mindre og mindre prating. Til slutt blei dei meir gira på å bli ferdige. Dei stoppa opp så dei kunne sjå meg, og så måtte eg ta dei igjen.
– Men ville du gjort det igjen?
Willumsen ler, og har ikkje behov for å tenke seg om:
– Nei.
– Når vi kom opp på toppen, blei det ikkje store utsikta. Det snødde og var ganske tåkete, men det var fint å kome fram, seier Willumsen.
Foto: Privat– Dersom eit slikt påfunn går gale, kan det jo legge til rette for ressursbruk på redningsaksjonar. Kva tenker du om det?
– I starten var eg bekymra. Men når vi hadde gått ein time, blei eg meir sjølvsikker på det. Når vi stod der var vi litt forbi punktet til å snu.
Syklar Lindesnes-Nordkapp
På same tid er Maria Bech Urland på sykkelen, retning Nordkapp. Ho starta i Lindesnes.
– Eg er heilt besett av sykling. I fjor då eg sykla frå Oslo til heimplassen min Bjerka, fekk eg så lyst å sykle vidare, seier sjukepleiarstudenten.
Sjukepleiarstudenten frå Hemnes kommune på Helgeland vurderer å sykle utanlands neste ferie.
Foto: Annika SchoonbroodDifor har ho sett av ein månad til å sykle 2363 kilometer denne sommaren. Sjølv om det er verdt det, ifølge ho sjølv, er det ikkje alltid like behageleg.
Dagen før samtalen med NRK, sykla ho 170 kilometer. Det var ikkje smertefritt å begi seg ut på setet neste dag. Med seg på tur har ho telt, ull, liggeunderlag og sovepose.
Og eit «lufteskjørt».
– Det var forferdeleg vêr, og då fekk eg så mykje friksjon nedantil, fortel ho lattermildt.
Sinksalve fekk ho låne av søskenbarnet, medan ein framand lånte ut garasjeloftet då uvêret var verst.
På tur søv ho i telt uansett vêr. Med mindre snille menneske inviterer ho inn i varmen.
Foto: Privat– Eit fantastisk menneske tilbydde meg å sove på garasjeloftet hans. Han hadde snille auge, så eg tok sjansen.
Ho held seg gåande med «adrenalinkicket» i nedoverbakkane, og får varmen i seg i oppoverbakkane.
Maria Bech Urland syklar dag og kveld, og får mange fine motiv frå sykkelen.
Foto: PrivatPsykolog: – Sunt å sette seg mål
Mange lengtar etter å bryte med rutinane i ferien.
Psykologspesialist Eva Tryti fortel at det å legge hårete mål som ein trener og planlegg for, er noko som ligg i mange av oss.
– Ei kvar slik utfordring er jo rusande, særleg for dei som er spenningsorienterte, seier Tryti.
Og nokre har rett og slett berre litt ekstra lopper i blodet, eller kjedar seg litt fortare enn andre. Tryti har sansen for at folk set seg mål.
– Vi likar å kjenne meistring, seier psykologen.
Foto: Privat– Det trur eg er veldig sunt. Men kanskje ein skal vere litt kritisk til kvifor ein gjer det. Still deg sjølv spørsmålet om du toler eit litt roleg liv også.
Ho har registrert ein trend om å stadig toppe ulike meir ekstreme aktivitetar. Ho meiner det er i overkant, og ikkje sunt, når det «går for mykje mote i det».
– For ikkje mange år sidan blei det rekna som tøft å gå Birken, og fleire fekk jobb fordi dei då hadde nokre spesielle kvalitetar. No trur eg du må ha sprunge maraton om det skal fungere som inngangsbillett til noko.
– Kva synest du om trenden du skildrar?
– Den er eg skeptisk til. Når ein trettenåring går tur i skogen over ei veke, treng ikkje ein annan trettenåring å gå over Grønland.