Tilsyn etter dødsulykker i fisketurisme
19 personar har så langt i år omkome i ulykker med fritidsbåt, ifølge Sjøfartsdirektoratet. Ti av dei var involverte i fiske, og fem var fisketuristar i leigd båt.
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og Sjøfartsdirektoratet har no sett i gang ein felles tilsynskampanje mot utleigeverksemder. Det opplyser dei i ei pressemelding.
Målet er å styrke tryggleiken og førebygge ulykker.
– Mange leigetakarar kjenner verken båten, farvatnet eller dei lokale vêrforholda. Difor har utleigar eit tydeleg ansvar for å sikre god informasjon og eigna båtar, seier seksjonssjef Petter A. Søreng i Sjøfartsdirektoratet.
Tilsynet er del av den nasjonale handlingsplanen for sjøsikkerheit. Fleire kontrollar vil bli gjennomført utover hausten.
NB: Bildet er tatt i samanheng med ulykka som skjedde i under ein redningsaksjon i Lofoten i september.