Hopp til innhold

Kostymebonanza i Bodø

BODØ (NRK): Ungdommar utkledd som dyr, prinsesser og vampyrar er ikkje noko vanleg syn i Bodø sentrum, men i dag kan ein sjå slike cosplayers i den fyrste samlinga i Nordland.

Cosplay

FARGERIKT: Dei fleste som kler seg ut, er ikkje redd for å nytte sterke fargar og stå ut.

Foto: Ole Dalen / NRK

– Det er spanande, fordi alle er så utruleg engasjerte og glade, seier Nora Elise Stemland, leiar av Northcon.

I dag blei Northcon arrangert for fyrste gong i Stormen Litteraturhus i Bodø. Det er ei samling i regi av Unge Stormen og ein gjeng frivillige som ynskjer seg eit betre ungdomstilbod i området.

– Eg har aldri vore på ei slik samling sjølv, men det er utruleg kjekt å arrangere noko slikt., smiler Stemland.

Ungdommane som har samla seg i Stormen Litteraturhus i Bodø er kledd i fargerike kostyme som ein nok hadde snudd seg etter på gata. Her finn ein alt frå dyr til prinsesser og vampyrar.

Tok sjølve initiativ
Nora Stemland

NØGD: Nora Stemland har sjølv aldri vore på noko cosplay-samling, men greidde likevel å arrangere eit sjølve.

Foto: Ole Dalen / NRK

– Eg hadde utruleg lyst til å reise på ei slik samling, men det var ingenting i nærleiken. Difor lagde me rett og slett vår eiga, smiler Stemland.

Om lag 40 frivillige har vore involvert i prosjektet, og Stemland har fått stønad frå både Bodø kommune og Frifond.

– Unge Stormen stilte med gratis lokale, og det hjelp oss kjempemykje, fortel Stemland.

Det heile byrja med ei facebookgruppe som berre vaks, og i dag er ungdommen samla i Stormen Litteraturhus og har program over ein heil dag.

Arrangementet har i dag fleire aktivitetar, som idémyldring om cosplay, føredrag og konkurranse om beste kostyme.

Fekk kjendisbesøk

Det fyrste Northcon fekk namngjete besøk, då nokre av Noregs mest kjende cosplayerar vitja Bodø. Tine Marie Riis lev av å drive cosplay, og kjem for å vere dommar i ein konkurranse og halde føredrag. Ian Sandkvist frå Hvaler kom og for å halde føredrag.

Cosplay

FARGERIKE: Ian Sandkvist er utkledd som Yuri frå teikneserien Yuri on ice, medan Vanja-Katrin Bakke er kledd som Roronoa zoro.

Foto: Ole Dalen / NRK

– Eg skal ha eit panel om å sy eigne kostyme, kva slags sminke og parykkar ein bør leite etter og liknande, seier Sandkvist.

Begge føredragshaldarane har reist rundt i Noreg på slike samlingar, og har vitja større arrangement i utlandet.

– Det var nesten ein draum å få desse hit, seier Stemland.

– Ikkje ein spesielt dyr hobby

Brettspelet Warhammer 40k

SIRLEGE DETALJAR: Sverre Dombås fortel at han sjølv set saman og malar figurane dei nyttar i spelet.

Foto: Ole Dalen / NRK

Ikkje berre dei i kostyme kom til Kulturhuset Stormen i dag. På eit stort bord står nøye plasserte plastfigurar vendt mot kvarandre.

– Men det er ein tidkrevjande hobby, smiler Sverre Dombås.

Dombås spelar brettspelet Warhammer 40 000. Ein må setje saman figurane og male dei sjølve.

– Eit spel kan ta alt frå halvannan time, til ein heil dag. Det kjem an på storleiken, seier Dombås.

Dombås fortel at det ikkje er eit spesielt stort Warhammer-miljø i Bodø, men at dei er seks-sju personar som spelar.

Sverre Domås

GLAD I HOBBYEN SIN: Sverre Dombås legg ned mykje tid i Warhammer 40k.

Foto: Ole Dalen / NRK

– Nokre seier at plasfigurane kostar litt vel mykje, men eg vil ikkje sei at hobbyen er dyrare enn nokon annan, smiler Dombås.

– Eg trur folk kosar seg

Northcon 2017 er enno ikkje over, men leiaren Nora Elise Stemland trur arrangementet gav meirsmak.

– Me vonar dette vert ei årleg greie, smiler Stemland.

Publikum under Northcon 2017

GODT OPPMØTE: Stemland er nøgd med oppmøtet og engasjementet på Northcon.

Foto: Ole Dalen / NRK