Meir pengar til fylkesvegane
Forslaga til regjeringa i sitt framlagde statsbudsjett påverkar fylkesvegane på fleire måtar, også i Nordland:
• Regjeringa foreslår å auke dei frie inntektene med 1 milliard kroner i 2026. Fylkesvegane blir finansiert i hovudsak gjennom dei frie inntektene til fylkeskommunen.
Dei frie inntektene til ein fylkeskommune i Noreg består hovudsakleg av:
Skatteinntekter. Det inkluderer skatt på inntekt og formue frå innbyggarane, og naturressursskatt frå kraftføretak.
Rammetilskot. Det er overføringar frå staten som blir fordelt gjennom inntektssystemet.