Hopp til innhold

Lokalaviser "reklamerer" for sex-sal

To lokalaviser trykkjer i dag ein artikkel som kan verke som rein gratisreklame for eskorte-piker. Redaktøren syner til informasjonsplikta.

Sex-artikkel i Rana Blad

Ingen på Helgeland skal vere i tvil om at eskorte-pikene er på veg.

Foto: Faksimile: Rana Blad / NRK

I artikkelen, som er både i Rana Blad og i Helgeland Arbeiderblad i dag, står reiseruta til ei rekkje eskorte-piker som skal på "turne" i Nord-Noreg.

I artikkelen kan ein lese at kvinnene tilbyr eit "assortert utval" av seksuelle tenester.

Rana Blad syner til kontaktannonser på ein nettstad der det finnast eit "rikhaldig utval" av annonser for sexfilmer og sexbilete.

Rana Blad: Turnerer med sex og massasje

Fungerande redaktør Gunnar Moei Rana Blad, innrømmer at artikkelen kan minne om gratis reklame for eskortepiker.

- Eg har forståing for at enkelte vil oppfatte det som tekstreklame. Vi skjønnar også at ei avis er eit sterkt medium, og at det vil kunne få ei slik effekt. Men det er ikkje det som er målet når vi lagar ei slik sak. Vi meiner det er informasjon her utover rein tekstreklame, som det kan oppfattast som, seier Moe.

- Eit samfunnsfenomen

Organisasjonssekretær Kjell Nyhuus i Norsk Presseforbund meiner tvert om at det ikkje er tekstreklame.

- Dette er ikkje eit brot på tekstreklameplakaten, så vidt eg kan sjå. Den fortel om eit samfunnsfenomen.

- Det hadde vore noko heilt anna om journalisten hadde anbefalt det omtalte produktet, seier Nyhuus.

- Er det uproblematisk at ein skriv av i frå ei nettside som reklamerer for sexsal?

- Artikkelen er ikkje så veldig kritisk vinkla. Men det bryt ikkje med tekstreklameplakaten. Eg går ut i frå at det er ei redaksjonell avgjersle å omtale dette, og ikkje eit resultat av press utanifrå, spekulerar Nyhuus i Norsk Presseforbund.

- Prostituerte på tilbod

- Dette er eit stjerneekspempel på korleis ein nyheitsartikkel ikkje skal vere, den er heilt utan kritisk vinkling, og står fram som ein rein kopi frå dette nettstaden, seier Lisbeth Morlandstø, leiar ved Senter for journalistikk ved Høgskulen i Bodø.

- Vi prøver å lære våre studentar til å ikkje lage denne type artiklar, seier ho.

På spørsmål om det helder å syne til informasjonsplikta svarar ho:  

- Eg veit ikkje om det er pressa si oppgåve å informere om prostituerte på tilbod, svarar ho spydig.