Hopp til innhold

Kraftig vekst i sjømateksporten

Noreg har eksportert sjømat til ein verdi av 109 milliardar kroner i løpet av dei første ni månadane av året. Det er ny rekord, og ein vekst på heile 29 prosent samanlikna med same tid i fjor.

I kroner og øyre utgjer det ein vekst på 24,3 milliardar kroner. Det viser ferske tal frå Noregs sjømatråd.

– Verdiveksten for norsk sjømatrapport har vore imponerande i år, og i september passerte vi 100-milliardargrensa. Historisk høge prisar er ei av forklaringane til at tredje kvartal gav tidenes høgste eksportverdi for norsk sjømat.

Det seier Christian Chramer i ei pressemelding. Han er administrerande direktør i Noregs sjømatråd.

Det er framleis laks som står for mesteparten av eksporten. Laksen stod for 72 prosent av verdien og 49 prosent av det totale eksportvolumet i tredje kvartal.

Det er ein auke på 6,5 milliardar kroner.

Også innanfor kategorien kvitfisk og makrell melder Noregs sjømatråd om ein vekst.

– I andre delar av sjømateksporten er det utfordringar. Tørrfisk har ei svak utvikling så langt i år, og det er volumnedgang på både ferske og fryste filetprodukt av torsk, seier Chramer.

Fotograf: Grethe Hillersøy Copyright: Norges Sjømatråd
Foto: Grethe Hillersøy / Norges Sjømatråd