Kommunen tar grep mot ekstremt innhald på nett
Ungdom i Bodø blir utsett for ekstremt og krenkande innhald på sosiale medium, sjølv utan å oppsøke det. Det viser nye undersøkingar frå Nord universitet og prosjektet Trygg Digital By, skriv Avisa Nordland.
Gjennom nøytrale TikTok-profilar har kommunen avdekka at både jenter og gutar blir eksponert for vald, konspirasjonar og romantisering av psykiske lidingar. Foreldre ønsker å vere til stades, men ungdomane ber sjeldan om hjelp.
– Ungdomane er redde for kjeft og meiner foreldra ikkje forstår, seier Kine Nilsen frå Nordic Safe Cities, ein organisasjon som samarbeidar med kommunen om prosjektet.
Bodø kommune samarbeider med fleire forskarar og organisasjonar for å styrke foreldre sin kompetanse og skape eit tryggare digitalt miljø for unge.
Hovudfokuset for prosjektet er å nå ut til foreldre og føresette, og skape ein modell der foreldre kan få auka kompetanse og rettleiing om unge sine digitale liv.