Hopp til innhold

Frp i nord gjer heilomvending

For eitt år sidan var Framstegspartiet i Nordland imot Per Sandberg si avvikling av pliktsystemet. I dag har dei snudd heilt rundt.

Skreitokt 2012

STORE RESSURSAR: Spørsmålet kring pliktsystemet verkar trivielt, men det er store naturressursar det er snakk om.

Foto: Gunnar Sætra/Havforskningsinstituttet

– Det er inga skam å snu, sa Dagfinn Olsen om partifelle og fiskeriminister Per Sandberg til Klassekampen i 2015. I 2017 snur han sjølv.

Det var Fiskeribladet Fiskaren som omtalte saka fyrst.

Olsen er gruppeleiar i Nordland Fylkesting for Framstegspartiet. Han og resten av Framstegspartiet i Nord-Noreg var forkjemparar for at det omdiskuterte pliktsystemet for trålarar skulle behaldast. I dag kjempar dei for at det skal fjernast, slik Per Sandberg ynskjer.

Endra standpunkt

– Grunnen til at me sa dette i 2015, var at me ynskja å løfte diskusjonen, seier Olsen.

Olsen seier han i ettertid har sett nøyare på nyansane i saka, og funnen at det ikkje er bra å behalde dagens system.

– Den gongen sa me at «alt burde førast tilbake til kysten og lokalsamfunna». Det er ikkje sikkert at lokalsamfunna greier å fiske alle kvotane, og vil det faktisk skape fleire filetanlegg enn det er i dag, seier Olsen.

Det handlar rett og slett om å få noko i staden for ingenting.

Dagfinn Olsen, gruppeleiar i Nordland Fylkesting for Framstegspartiet
Dagfinn Olsen

HEILOMVENDING: Dagfinn Olsen har snudd i spørsmålet kring pliktsystemet.

Foto: Ole Marius Rørstad / NRK

Støttepartia sviktar

– For oss er det uaktuelt å late trålarane kjøpe seg fri frå pliktene sine slik Sandberg skisserer, seier Ida Johnsen, stortingskandidat for Nordland Venstre.

– Pliktsystemet er ein berebjelke, og eg trur ikkje det er rette vegen å gå å fjerne denne, seier Dagrun Eriksen, nestleiar i Kristeleg Folkeparti og stortingsrepresentant for Nordland.

Dagrun Eriksen

VIL VERNE: Nestleiar i KrF, Dagrun Eriksen vil verne om dagens ordning. Ho meiner å fjerne pliktsystemet vil skade lokalsamfunn.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Både Venstre og KrF spelar på eit argument om at fisken tilhøyrar lokalsamfunna, og at den difor bør behandlast på kysten.

– Dette er misbruk av retorikk. Fisken tilhøyrar folket. Same om det er kystfiskar eller tråler som hentar den opp, er det nordmenn som lev på kysten og betalar skatt, svarar Olsen.

Dette tyder at båe støttepartia kan kome til å stemme mot Sandberg si melding då den vert lagd fram for Stortinget tysdag.

Korkje folka, fisken eller lokalsamfunna i nord er til sals.

Ida Johnsen, stortingskandidat for Nordland Venstre

– Om både Venstre og resten av KrF landar på vårt syn om at leveringsplikta er viktig å behalde, vil nok Sandberg slite med å få dette gjennom, seier Eriksen.

Per Sandberg, fiskeriminister (FrP)

KONTROVERSIELL SAK: Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) sitt forslag om å fjerne pliktsystemet har skapt stor debatt.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Saka om endringar av pliktsystemet for torsketrålarar skal på høyring i Stortinget på tysdag.