Hopp til innhold

Elias sparkar ned turistane sine kreasjonar: – Ein del har sett litt rart på meg

På Polarsirkelsenteret sparkar han ned turistane sine vardar, men dei blir bygd opp igjen like fort. – Vardebygginga er ein trussel for verneområdet.

På Saltfjellet i Nordland, 680 meter over havet, ligg Polarsirkelsenteret. Det er ein av Nord-Noregs mest populære turistattraksjonar.

I fjor hadde dei rundt 200.000 besøkande, ifølge dagleg leiar Elias Andersson.

Men mange av turistane som kjem er veldig glad i å bygge opp vardar på området. Det skapar hovudbry for senteret.

– Vi snakkar tre tonn stein. Så det er ganske mykje arbeid å gjere noko med, seier Andersson.

No riv dei alle vardane som er sett opp. Problemet er berre at dei dukkar opp igjen like fort.

Ikkje lov

Tidlegare har senteret forsøkt å ha eitt område der det er akseptert å bygge vardar.

Men etter kvar som fleire og fleire kjem til senteret og har sett bilde av vardane, strekker området seg langt utanfor området som i utgangspunktet var lovleg.

Det er altså fleire kilometer med vardebygging.

Les også Turistar sparkar laus tusenårige kulturminne – no skal hundrevis av vardar fjernast

Vardar rundt Polarsirkelsenteret

– Du får ikkje litt dårleg samvit då, når du riv ned det som gjestane dine har bygd opp?

– Nei, det er ikkje lov å øydelegge naturen på den måten. Ein del har sett på meg litt rart. I visse kulturar i land, er det folk som bygger steinar på berg for å heidre ein som har døydd i familien, seier Andersson.

Difor får han mange rare blikk når han riv vardane.

– Så det er nokon som kjem bort og spør kva eg driv med, men eg må berre fortelje og informere at det ikkje er lovleg. Det er derfor vi har skilt som formulerer kvifor det ikkje er lov, på fleire språk.

Elias Andersson i Polarsirkelsenteret

Dagleg leiar Elias Andersson.

Foto: Frank Nygård / NRK

Øydelegg samiske kulturminne

I dei mest intense områda for vardebygging er det berre sand og stein igjen, og ingen vegetasjon.

– Det blir stadig meir utbreitt frå eit lite område, rett bak Polarsirkelsenteret, til langt utover fjellet.

Det seier Inge Solund Ingvaldsen, nasjonalparkforvaltar i Midtre Nordland nasjonalparkstyre.

Problemet er todelt, ifølge han.

– For det første medfører det valdsam slitasje fordi steinen blir flytta på, som fører til øydeleggingar der steinen har lege.

Gamle samiske eldstader, såkalla Árran, har blitt sparka laus og bygd vardar av.

– Det er problematisk med tanke på samiske kulturminne som blir tatt laus for å bygge vardar ut av.

– Du får eit sår i landskapet. Og området rundt Polarsirkelsenteret er eit landskapsvernområde med formål om å ta vare på landskapet.

Varder på Saltfjellet ved Polarsirkelsenteret

Varder på Saltfjellet ved Polarsirkelsenteret.

Foto: Frank Nygård / NRK

Endrar strategi

No blir strategien for senteret å seie at dei ikkje ønsker vardebygging i det heile tatt.

– Vardebygginga er ein trussel for det verneområdet som er oppretta på Saltfjellet.

– Er det ikkje forståeleg at den gjengse turist ikkje klarar å skilje mellom kva som er kulturminne og kva som er ein tilfeldig varde?

– Jo, det er derfor vi no fjernar alt. Slik at det forhåpentlegvis ikkje skal vere freistande å bygge vardar.

Les også Varder i urørt natur kan være ulovlige

Bildet viser en varde bygd helt på kanten av redningshelikopterets landingsplass på Gaustatoppen. Det kan være farlig i tåken, da folk kan bli forledet til å tro at de går på en trygg sti.