Hopp til innhold

Folkefest langs skisporet

For tredje år på rad blei gatene i Mosjøen dekka med snø, og alle invitert på folkefesten Bysprinten.

Skofterud

Over 4.000 møtte opp for å heie fram løparane under Bysprinten i Mosjøen.

Foto: Anne Severinsen

Fleire tusen tilskodarar hadde tatt turen til Mosjøen sentrum for å få med seg Bysprinten 2009. I tillegg til barneskirenn, skulesprint og juniorsprint, var det knytt stor spenning til sprintduellane mellom seniorløparane.

- Det har vore ein stor suksess. Værgudane har vore på vår side, og publikum og løparar har kosa seg, seier arenaansvarleg Helge Brubakk til NRK.

Bysprinten i Mosjøen blei arranger første gong i 2007, og har vokse for kvart år. I år var også løypa utvida og opne for fristil, noko som ga meir fart.

- Vi hadde eit publikum på rundt 3.000 i fjor, og i år var det mange fleire. Kanskje rundt 4-5.000 tilskodarar, seier Brubakk.

Store namn

Også i år klarte arrangørane å få store internasjonale namn til å delta på sprinten. Den dobbelte VM-vinnaren Ola Vigen Hattestad var med. Det same var Odd-bjørn Hjemleseth. På kvinnesida stilte også profilerte utøvarar som Wibeke Skofterud, Aino-Kaisa Saarinen, og heimefavoritten Lotte Strøm Solli fra Drevja IL.

Men det var nok likevel ein duell som fekk spesielt mykje merksemd. Mange hugsar nok også stafettduellen under OL i Salt Lake City i 2002 mellom Thomas Alsgaard og Christian Zorzi. Laurdag var det ynskjereprise i Mosjøen.

Alsgaard og Zorzi

Thomas Alsgaard og Christian Zorzi.

Foto: Anne Severinsen

- Thomas kom i mål før Zorzi, men begge var nok litt rustne, så ingen av dei gjekk vidare frå sitt heat, seier Brubakk.

Ola Vigen Hattestad vann sprintfinalen foran Øystein Pettersen og Odd-Bjørn Hjemleseth.

Finske Aino-Kaisa Saarinen vann kvinnefinalen foran Karianne Bjellånes frå Mo i Rana.

Folkefest i sentrum

Bysprinten starta i går, med skuleskirenn, seminar og konsert. I eit stort telt i sentrum kunne publikum varme seg og få ein matbit under sprinten laurdag.

- Vi har kjøpt dette teltet med tanke på Bysptrinten. Inne i teltet yra det av liv, fortel Brubakk.

Laurdag kveld er det bankett på Fru Haugans Hotell i Mosjøen. Deltakarar, arrangørar og inviterte gjestar får delta. Brubakk kan love at der blir det god stemning, og han kan nærmast garantere at Bysprinten er tilbake til neste år.

- Ja, det er klart at når løparane stiller garanti om at dei kjem tilbake, så ser det veldig bra ut. Vi har brukt dei kontaktane vi har, og søstrene Lotte og Guro Strøm Solli har vore våre ambassadørar, og gjort mykje for sprinten. I tillegg har vi Tor-Arne Hetland gjort ein kjempejobb for oss, seier Brubakk.

Bysprinten 2009

Mosjøen sentrum under Bysprinten.

Foto: Anne Severinsen