Hopp til innhold

Folkeaksjon for betre kystriksveg

I kveld er det folkemøte i Rødøy om den dårlege kystriksvegen mellom Stokkvågen og Kilboghavn.

Den smale vegen er ei viktig strekning for næringsliv, turistar og dei fastbuande i fleire kommunar.

Dårlig vei
Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Men ei utbetring av vegen vil bli utsett i mange år på grunn av byggjinga av Toven-tunnelen mellom Sandnessjøen og Mosjøen.

Situasjonen er uholdbar, seier Bjørnar Skjæran, som varslar ein ny folkeaksjon.

- Trafikken aukar og vegen vert meir og meir sliten. Den er ein hemsko for næringsutvikling, seier han.

Viktig for næringsliv

Riksveg 17 mellom Stokkvågen og Kilboghavn er ei svært viktig strekning for krabbe- og laksenæringa i Lurøy, Rødøy, Træna og Lovund.

I tillegg fører byggjinga av ein ny REC-fabrikk i Glomfjord til ei kraftig trafikkauke på den smale og rasutsette vegstrekninga. No krev folk i området at noko blir gjort.

- Folk i Lurøy og Rødøy er eit tålmodig folkeslag. Ein har venta tålmodig på vår tur når det gjeld vegutbetring. No er det slutt på tolmode. Me må engasjere oss, seier Skjæran.

Kostnadssprekk

I utgangspunktet stod denne vegstrekninga no for tur, men kostnadssprekken i samband med byggjinga av Toven-tunnelen gjer at alle andre prosjekt er lagt på is. Regionvegsjef Torbjørn Naimak forstår at det skapar frustrasjon.

- Det er absolutt behov for utbetring på denne vegstrekninga, men sånn som det ser ut i dag vil det ta mange år før det vert realisert, seier Naimak.

- Det ligg eit alvor i at me skipar ein folkeaksjon. Nok er nok, seier Bjørnar Skjæran.