Hopp til innhold

Færre vil hjelpe folk i jula – forbrukarøkonom trur renta har skylda

Under halvparten av dei som ville hjelpe andre i jula i fjor, gjer det same i år på finn.no.

Julegaver foran et juletre.

FÆRRE HJELPER: For mange er det stressande å få råd til pakkane under juletreet. Likevel er det færre som ønsker å hjelpe i år enn i fjor, ifølge finn.no.

Foto: Shutterstock

Jula er ei tid for gåver, kjøpepress og ønskelister.

Men kanskje vel så mykje er det ei tid for å tenkje på andre.

Likevel kan det sjå ut til at færre tilbyr hjelpa si enn før i år.

Nettstaden Finn.no opplever nær ei halvering i talet på annonsar under Hjelp til jul-kategorien i år, samanlikna med i fjor.

Ifølge kommunikasjonsansvarleg Adéle Cappelen Blystad, har det hittil i år blitt lagt ut om lag 830 annonsar. Same tid i fjor var det nært 2000 annonsar.

Les også For Silje kjem ikke jula tidlig nok: – Eg trengde lys der bak

Juledekorasjon formet som en penis på veggen til et hvitt hus. Huset og treet på utsiden er også pyntet til jul

Samla inn 12.000 kr i fjor

I Bodø var det i fjor fleire som strakk ut ein hand for å hjelpe andre. Ein av dei var Liss Sommerbakk og dottera. Dei hjelpte omkring 12 barnefamiliar.

– Vi har ikkje kome så langt i år. Det handlar mest om tid. Ingen av oss vassar i pengar, men vi lir heller ingen nød, seier Sommerbakk.

I fjor samla dei inn pengar til gåvekort til familiane. Kvar av dei fekk 1000 kr som dei kunne bruke til anten julemat eller julegåver.

– Det var heilt overveldande å sjå kor mange som blei med og ville hjelpe.

Kvinne med lyst hår og briller ser smilende inn i kamera.

ORGANISERTE HJELPEAKSJON: Liss Sommerbakk er usikker på om dei skal gjenta fjorårets julegåveaksjon der dei samla inn fleire tusen kroner til barnefamiliar til jul.

Foto: Privat

Årsaka til at Sommerbakk og dottera stilte opp i fjor var at dei høyrde på nyheitene om kor mange som sleit økonomisk.

– Kvifor trur du ikkje folk er like ivrige på å hjelpe i år?

– Det handlar kanskje om økonomiske årsaker. Det er mange priser som har stige. Men eg trur også mange kunne ha bidratt, seier Sommerbakk.

Ho legg til:

– Det kan hende at vi plutseleg finn ut at vi gjer det same i år. Men vi har ni barnebarn, så det er mykje i eigen familie også.

Les også Sykepleiervikar Amalie (26) kostet Fauske kommune 170.000 på én måned

Sykepleier Amalie Nielsen.

Reknar med fleire i desember

Men sjølv om Finn.no har hatt lite trafikk på sin Hjelp til jul-ordning, er ikkje kommunikasjonsansvarleg nemneverdig uroa.

Det kan jo vere at folk har vore ganske travle før jul og ikkje rukke å tenkje på det før no, foreslår Blystad.

 Adele Cappelen Blystad, kommunikasjonsrådgiver i Finn.no

Adele Cappelen Blystad, kommunikasjonsrådgivar i Finn.no fortel at færre har laga annonsar på at dei vil hjelpe i jula hos dei.

Foto: Caroline Roka / Finn

For det har ikkje vore så mykje merksemd rundt deira hjelpetenesta deira i år. Det trur Blystad heng saman med at dei har lagt ned «be om hjelp»-kategorien i år.

Det gjorde dei fordi dei såg ein aukande grad av negative hendingar og svindelforsøk knytt til å be om hjelp.

– Vi ønsker at denne tenesta skal vere ein trygg arena der menneske kan hjelpe kvarandre, seier Ingunn Isefjær Huus-Hansen, leiar for forbrukartryggleik i Finn.

pensko jente fra bruktbutikken Nesten Nytt i Porsgrunn

Men stadig færre opprettar annonsar for å hjelpe til jul, blir det stadig meir populært både å kjøpe og få brukte julegåver på Finn, fortel kommunikasjonsansvarleg.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

I løpet av jula i fjor var det 3800 menneske som ville tilby sin hjelp i jula. Men kommunikasjonsansvarleg, Blystad, reknar med at det kjem til å bli meir trykk på kategorien utover desember.

– Vi ønsker å oppfordre til at fleire legg ut ein annonse om dei har moglegheit til å hjelpe. Det viktigaste er at folk kan få den hjelpen dei treng i jula.

Les også Brua ble tatt av flom – nå må Einy hamstre for vinteren

Einy Fjordbakk står med en trillebår full av handlevarer på en traktorvei på Myrland.

Sparebank 1 Nord-Norge

Linda Tofteng Eliassen, forbrukarøkonom i Sparebank 1 Nord-Noreg trur svindelforsøk kan vere ein av årsakene til at folk no er meir skeptiske til å hjelpe andre.

Men det handlar òg utvilsamt om økonomi.

– Sjølv om renta ikkje har gått mykje opp i 2024 har vi sett effekten av dei renteaukingane som har kome dei første eit og eit halvt åra. Vi har alle kjent på det, seier Eliassen.

Linda Tofteng Eliassen

– Vi har reint matematisk mykje mindre pengar mellom henda etter lønning i dag enn for eit år sidan. Det er lettare å gi når ein føler at ein har eit overskot, seier Linda Tofteng Eliassen, forbrukarøkonom i Sparebank 1 Nord-Noreg.

Foto: Marius Fiskum

Ferske rapportar viser at over 30 prosent i Noreg seier dei no ikkje kunne betalt for ein uføresett utgift på 10.000 kr.

Det trur Eliassen er noko av det som påverkar givargleda.

– Det seier litt om romslegheita i økonomien. Sjølv om vi i Noreg framleis har god privatøkonomi etter at vi har måtte ta ned forbruket, har mange også for lite i reserve.

I tillegg er det mange med forbruksgjeld i Noreg. Totalt er det snakk om 171 milliardar. Inkassogjelda aukar også for befolkninga under 30 år.

Men om lommeboka er tom, har Eliassen ei anna oppfordring til folk. Ho peiker på at einsemd kan vere veldig skadeleg når økonomien er dårleg.

– Å dele tid er noko vi alle kan gjere uavhengig av økonomi, seier ho.

Les også Blakk ordfører hevder hun ble skjelt ut av statsråd: – Ingen vilje til dialog

Hanna Sverdrup

Fleire hjelper med mat og juletre

Kva anna kan ein gjere for å hjelpe folk?

Blystad fortel at på finn.no kan ein gi bort julepynt, julegåver eller hjelpe til med juleførebuingar.

Nærbilete av eit kunstig juletre. Treet er av plast og har falsk snø eller rim på seg. I bakgrunnen, ute av gokus, ser vi fleire kunstige tre med lys på seg.

Blystad i Finn.no fortel at fleire bønder legg ut at familiar med dårleg råd kan hente seg juletre gratis, som ein del av hjelp til jul-tenesta.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– For nokre år sidan såg vi ein trend med at folk opna opp for at folk kunne kome heim til dei på julaftan. Det har dabba litt av. No er det oftare at folk handlar inn julemat eller hjelper til med juletre, fortel Blystad.

– Alle hjelper med det dei kan, og vi ser at nordmenn er omsorgsfulle i juletida.

Les også Difor har du alltid plass til dessert

Riskrem med lun kirsebærsaus og karamelliserte mandelflak