– Vi har grunn til å tru at den daude personen er den sakna mannen, seier operasjonsleiar hjå Politiet Fred Leirvik.
Klokka 13:05 fekk Hovudredningssentralen beskjed om at ein mann i 70-åra ikkje hadde komen tilbake frå fisketur. Dei sette i gong med søk med Sea King-helikopter med det same.
– Vi fann ein død person i vatnet kring kl. 15:00. Redningsskøyta plukka opp personen. Det blei ikkje gjort forsøk på oppliving, seier Alf Haagesen, redningsleiar hjå HRS Nord-Noreg.
– Mannen er frå Vest-Lofoten, men bur ikkje der lengre. Han var heime på ferie, seier Leirvik.
Dei pårørande har blitt informert om saka.
- 08:00: I dag tidleg reiste 70-åringen ut på fisketur.
- 13:05: Etter han hadde vore ute i over fem timar, melde bror hans mannen sakna.
- 13:30: Sea King fann den sakna sin båt liggjande med kjølen opp.
- 15:00: Sea King fann ein livlaus person i vatnet. Redningsskøyta Det Norske Veritas plukka opp personen.
NRK oppdaterer saka.