Hopp til innhold

Eit gjenferd?

Tilskodarar, brannvesen og politi skal ha fått seg ei merkeleg oppleving under ein brann i Mosjøen.

Gjenferd i Brønnøysund

Bilete er svært utydeleg, men skal vise ein kvinneskikkelse under brannen i Ernst Brodtkorpsvei i Mosjøen laurdag ettermiddag.

Foto: Privat

Fleire aviser og nettaviser spekulerer i dag i om det var eit spøkelse som vart observert i Mosjøen.

Ifølgje vitner til brannen skal to kvinneskikkelsar ha kome ut av huset under brannen i Ernst Brodtkorpsvei laurdag ettermiddag.

Inger Lise Børresen er nabo til huset som brant ned. Ho såg det ikkje sjølv, men drøymte om huset i tre netter før det brant.

- Eg drøymte same draumen i tre dagar. I draumen gjekk eg inn i huset og vart møtt av to sinte damer, fortel ho til NRK Nordland.

Eit hus med historie

Spøkelse

Dette bilete er skarpare, og viser tydelegare årsaka til diskusjonen.

Foto: Privat

I det 130 år gamle nabohuset skal det ha budd to kvinner før den noverande eigaren tok over.

- Det er ein gamal mann som har budd i huset, og han har tidlegare sagt at to kvinner går igjen, seier Børresen.

Ho fortel at veggen der kvinnene vart sist sett, brant ned heilt til slutt.

- Eg såg det ikkje sjølv, men ein kunne sjå kvinneskikkelsen i veggen heilt til den var brent ned, seier Inger Lise Børresen.

Tragedie

Leiar ved Helgeland Museum Hans Pedersen kallar brannen ei tragedie.

- Reint bygnings-historisk er dette ei tragedie. Det var ein utruleg flott sveitser-villa, seier Pedersen.

Villaen har tilhøyrt den tidlegare gods-eigar familien Brodtkorp frå Tjøtta.