Hopp til innhold

Arbeidsulukke på Lovund

To utanlandske arbeidarar er sendt til sjukehuset etter ei ulukke på eit oppdrettsanlegg på Lovund. Dei to personane var sveisarar, og fekk straum på 690 volt gjennom kroppen. Begge fekk ein del brannskadar. Personane var medvitne då dei blei sendt på sjukehus i Sandnessjøen, melder politiet på Helgeland.