Hopp til innhold

Akutt matmangel for rev

Fjelltenesta matar Fjellrev-kvalpar på Saltfjellet.

Fjellrev fri i naturen

Det dårlege året for smågnagarar i fjellet i Nord-Noreg og Nord-Sverige har ført til akutt matmangel for den utrydningstrua fjellreven.

Foto: Øyvind André Haram

Det dårlege året for smågnagarar i fjellet i Nord-Noreg og Nord-Sverige har ført til akutt matmangel for den utrydningstrua fjellreven.

Dei tilsette i fjelltenesta har sjølv vore ute i fjellet og sett at kvalpane er i ferd med å dø av svolt.

For fyrste gong har Fjelltenesta i Nordland begynt å mate Fjellrev-valper på Saltfjellet, for å hindre at heile års-kullet sveltar ihjel, seier utmarkskonsulent Carl Norberg i Statskog.

3 ynglingar

- På Saltfjellet har me funne tre ynglingar, der ungane i eit av kulla er døde. I dei to andre kulla er dei fortsatt i live, men tidvis svoltne. Me ser ingenting til dei vaksne, og no er det bestemt at ein skal støtte-fore eitt av dei to kulla, seier Nordberg.

Alle kvalpane som er født i år står i fare for å svelte ihjel. 2007 var eit betre år for fjellreven, og fleire kvalpar klarte seg. Bestanden er likevel kritisk trua, truleg er det no berre omlag 50 vaksne dyr i alt i Noreg. Også på Børgefjell, eit anna viktig område for den utrydningstrua reven, er matmangelen no prekær. Direktoratet for naturforvaltning fatta ei haste-avgjersle om å hjelpe naturen på Saltfjellet. Kvalpane vart lokka til ein foringsautomat, og dei lot seg gjerne friste, fortel Norberg.

Gode erfaringar i Sverige

- Me la ut ferskt kjøt og mat rundt inngangen til automaten. Me kom tilbake etter tre til fire dagar, og då var maten borte. Me veit at det var dei som åt, fordi me låg og kika på dei litt på avstand, seier Nordberg.

Vinterforing av vill fjellrev har vore gjort i Sverige, med hell. No reknar Fjelltenesta med å fortsette foringa på Saltfjellet ei god stund framover, seier Norberg.

- Eg ser ikkje bort i frå at me kjem til å støttefore dyra utover hausten, seier han.

Kynisk

Men dei gjenlevande kvalpane i det andre kullet på Saltfjellet har små sjansar. Berre eitt kull skal forast i forskningsprosjektet, seier Norberg.

- Det høyrest sikkert kaldt og kynisk ut, men ein må ha noko å samanlikne med. Me må sjå om dette har noko føre seg, seier Nordberg.