NRK Meny
Normal

19-åring lettare skadd i trafikkulukke

Ein 19 år gamal mann er flydd til sjukehuset i Mo i Rana etter ei motorsykkelulukke på E6 i Bjørnådalen sør for Mosjøen. Han skal ha fått mindre skadar og er stabil.

Laster kart, vennligst vent...

MOTORSYKKELVELT: 19-åringen skal ha køyrd utanfor E6 og skadd seg.

– Mannen blei fyrst sendt til legevakta før han blei henta av helikopter, seier Jon-Inge Moen, operasjonsleiar i Nordland politidistrikt.

19-åringen skal ha køyrd motorsykkel på E6 i ei 80-sone, men politiet veit ikkje om mannen køyrde fortare enn dette.

Helgelandssjukehuset fortel NRK at mannen fekk lettare skadar og er no stabil. Han vert liggjande på intensiven over natta.

Video

Distriktsnyheter fra Nordland. TV
Nyhetsreportasje fra NRK.
Hver dag havner store mengder med dårlig renset kloakk rett ut i fjordene våre. En rekke store norske kommuner bryter nemlig rensekravene viser NRKs kartlegging.