Hopp til innhold

SSB: Nordland er det einaste fylket som mister folk

Statistisk sentralbyrå har publisert sine prognosar for befolkningsveksten i Noreg. Dei trur Noregs befolkning vil nå 6 millionar i 2040. I 2100 vil det vera 6,2 millionar av oss.

I dag bur det kring 5,5 millionar i Noreg.

Ifølge prognosane til SSB vil alle fylka i landet ha befolkningsvekst, sett vekk frå Nordland. Det er det einaste fylket som har nedgang.

Her vil det bu 1847 færre personar i 2050 enn i dag.

Dronebilder av Bodø by, Bestemorenga, og Soløyvatnet