Hopp til innhold

- Verda treng ei mental klimaendring

Det seier professor Ove Jacobsen i økologisk økonomi ved Høgskulen i Bodø. Han meiner grøn økonomi er svaret.

Økonomane må lære seg at samarbeid er betre enn konkurranse, seier professor Ove Jakobsen ved senter for økologisk økonomi på Handelshøgskulen i Bodø.

Og Tirsdag var både pensjonistuniversitetet og elevar frå dei vidaregåande skulane samla på Høgskulen i Bodø under forskningsdagane. Dei unge og dei eldre samla seg  til diskusjon og temaet var livskvalitet og forbruk.

Elev Martin Hansen ved Bodø vidaregåande skule tykkjer det heile var særs lærerikt.

-Eg har lært masse forskjellig. Me har blant anna snakka om korleis me verdset livet. Eg trur dette kan gjere at fleire vert interessert i klimaspørsmål, seier Hansen.

Martin Hansen, Bodø videregådende skole, Sara Johannessen, Pensjonistuniversitetet, Hallvar Pedersen

Martin Hansen, Bodø videregådende skole, Sara Johannessen, Pensjonistuniversitetet, Hallvar Pedersen

Foto: Astrid marie Holand

Og elev Sarah Johannesen ved pensjonistuniversitetet tykkjer det er viktig at unge og eldre møter kvarandre for å diskutere framtida.

- Me har vokst opp i to ulike verder. Men det er viktig at me snakkar snakkar med ungdom om livsstilen deira, fordi me har vore med på skape den. Og på den måten kan vi kanskje få dei til å forstå at dei må endre livsstil, seier Johannesen.

Dagleg leiar Arild Hermstad i Framtida i våre hender seier at ein må fokusere på eige forbruk.

- Ein kan ikkje ha som mål at den private forbruksveksten skal auke til evig tid. Kvar enkelt av oss må tenkje over eige forbruk og krevje meir av poltikarane slik at dei handlar annleis, seier Hermstad.

Tenkje nytt

Professor Ove Jakobsen (t.v.) og daglig leder Arild Hermstad i Fremtiden i våre hender.

Professor Ove Jakobsen (t.v.) og daglig leder Arild Hermstad i Fremtiden i våre hender.

Foto: Astrid Marie Holand

Men det er ikkje berre ungdom og eldre som må endre måten ein tenkjer på.

- Me må lære økonomar at det er naudsynt å samarbeide med andre. I dag er inspirasjonen til å gjere det omvendte sterk slik at dei fleste vert freista av kortsiktig vinning. Det fører til at ein ikkje ser samanhengen mellom natur, kultur, samfunn og økonomi, seier Jacobsen.

Det er stikk i strid med synet til inngrodde marknadsøkonomar.

-  Me er ikkje ute etter inngrodde marknadsøkonomar. Me er ute etter ungdom som er utdanna innanfor økonomi og som er interessert i å nytte erfaringar frå faggrupper som ser verda på ein annan måte. Til dømes psykologar og biologar, seier Jacobsen.

For to år sidan opna senter for økologisk økonomi og etikk ved Handelshøgskulen i Bodø. Senteret vert sponsa av avfallsbransjen.

-Dette ei næring som opplev at det hastar å tenkje nytt, seier Jakobsen.

 - Miljøutfordringane kan ikkje løysast utan at ein ser det heile i eit større perspektiv. Økonomar har lært seg å tenkje økonomisk kortsiktig og fokusere på profitt. Då skyv ein desse miljø- og samfunnsmessige utfordringane framfor seg. Ein må lære seg å tenkje økonomi på ein annan måte. Og den andre måten er samanheng, samarbeid og ansvar, seier Jacobsen.

Det vert neppe mogleg for dei som styrer samfunnet å finne dei riktige løysningane før grøn økonomi har erstatta den klassiske konkurranseøkonomien, meiner Jacobsen.

Framelskar skeivfordeling

- I dag fokuserer ein på enkeltsaker. Ein snakkar mykje om CO2 og det er sjølvsagt viktig. Men andre saker er vel så viktige. Til dømes overforbruk av ressursar og skeivfordeling av goder verda rundt. Tradisjonell økonomisk tankegang framelskar denne typen skeivfordeling og difor er det viktig at økonomar endrar tankegangen, seier Jacobsen.

Og han tvilar ikkje på at den grøne revolusjonen kjem.

- Det er i ferd med å skje, så ein kan berre håpe på at det skjer fort, seier Jacobsen.