Hopp til innhold

- For mange båtkollisjonar

Dei siste tre åra har det skjedd 54 kollisjonar mellom båtar.

Sjarken Skarbak er totalvrak etter kollisjonen

Sjarken «Skarbak» fra Bø i Vesterålen ble knust til pinneved da den ble kjørt i senk.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

No innkallar Sjøfartsdirektoratet skipsnæringa til møte for å unngå fleire kollisjonar.

- Eg må berre takke Vårherre for at eg ligg her, sa Bård Vikanes frå Ulstein til NRK i 2005.

75-åringen hadde fått båten sin kløyvd i to av ein slepebåt ved Runde , men slapp unna med nokre skrubbsår.

- Eg slapp det eg hadde i hendene og sprang fram. Då small det, fortalde Vikanes frå sjukesenga.

Kvart år skjer det om lag tjue kollisjonar mellom båtar her i landet, og dei siste tre åra har det vore 54 kollisjonar.

Sigurd Gude

Fungerende sjøfartsdirektør Sigurd Gude.

Foto: Sjøfartsdirektoratet
- 54 er for mange

- Det er altfor mange. Ein kollisjon er ein for mange. Det er openberrt at ingen ynskjer å kollidere. Ingen seiler eller styrer skipet sitt slik at dei kjem til å kollidere. Då er det nærliggande å tenkje at det er menneskeleg svikt som stort sett ligg til grunn

Det seier fungerande sjøfartsdirektør Sigurd Gude til NRK.

No innkaller Sjøfartsdirektoratet både reiarar og sjøfolk til møte 19. mars for å finne ut korleis det kan bli færre kollisjonar.

LES OGSÅ: Små båter er usynlige

- Vi har innkalt til eit møte 19. mars på Gardermoen saman med næringa sine interesseorganisasjonar, der vi ynskjer å setje fokus på det menneskelege elementet både i høve til grunnstøytingar og kollisjonar, seier Gude.

- Vi konstaterer at det ikkje skjer ei betring med talet på grunnstøytingar og kollisjonar. Vi meiner at dei tala må vi kunne få ned på ein eller annan måte, og då vil vi ha ein dialog med næringa, legg han til.

Faren døydde etter kollisjon

Av dei 54 kollisjonane på tre år er det ni tilfelle av at større skip renner i senk ein mindre båt.

Det skjedde då tankskipet Doris delte sjarken Skarbak i to i 2007 . Fiskaren Finn Bertram Evensen omkom, og sonen Eindride Lauritzen sat att med mange spørsmål etter sjøforklaringa.

- Kvifor dei ikkje reagerte tidlegare slik at dette kunne vore unngått, det er det store spørsmålet for oss, sa Lauritzen til NRK.

I sjøforklaringa etter kollisjonen med Skarbak sa kapteinen og styrmannen på Doris at det var vanskeleg å styre unna i tide.

Fortalde ikkje om kollisjon

Ei anna tragisk hending skjedde i 2002 då den norskeigde kjemikalietankaren Bow Eagle kolliderte med ein fransk fiskebåt slik at fire omkom, og styrmannen hamna i fengsel.

Mannskapet melde ikkje frå om det som skjedde.

- Inntil i dag tidleg visste verken skipsleiinga eller reiarlaget om at vi hadde vore involvert. Men i dag har vaktgåande personell på Bow Eagle på ulukkestidspunktet endra forklaring. Våre interne rutiner er ikkje følgde, då skip og besetning alltid skal rapportere om slike ulukker og gjere sitt ytterste for å redde, liv, miljø og verdiar, sa direktør Bjørn Sjaastad i reiarlaget Odfjell på ein pressekonferanse etter hendinga.

Med dagens teknologi skal det vere råd å oppdage båtar i god tid før ein kolliderer, men likevel skjer det mange ulukker.

Det finst ikkje noko tal for nestenkollisjonar, og det hender at båtar ikkje melder frå om kollisjonar. Det kan difor vere mørketal, stadfestar Sjøfartsdirektoratet.

- Vi kan ikkje seie at vi har mistanke om det, for då hadde vi prøvd å gjere noko med det. Men vi kan ikkje sjå bort frå at det kan vere mørketal, seier fungerande sjøfartsdirektør Sigurd Gude.

- Følgjer ikkje med

Sjøfartsdirektoratet har ei eiga gruppe som går gjennom årsakene til alle kollisjonar for å finne ut om dei må sende ut nye varsel til sjøfolk og reiarlag eller endre reglar.

Mange kollisjonar kunne vore unngått dersom mannskapet følgde betre med.

- Det er manglande vakthald og observasjon, og når dei då først oppdagar at dei er i ferd med å kollidere, så har dei ikkje tid til å unngå kollisjonen, seier fungerande sjøfartsdirektør Sigurd Gude.

- Viss ein ikkje har oppdaga eit anna fartøy, kanskje spesielt når ein seglar i dagslys, så må ein vere uoppmerksam eller ha konsentrert seg om noko ein ikkje skulle gjort, seier Gude.

Sjøfartsdirektoratet vurderer no å gjere fleire tilsyn, skjerpe opplæringa og etterutdanninga av sjøfolk og kanskje lage ein haldningskampanje.

Desse og andre tiltak vil dei diskutere med næringane i møtet på Gardermoen den 19. mars.