Hopp til innhold

- Ein gledens dag i Narvik

Nordkraft Vind i Narvik får 200 millionar kroner til utbyggjing av vindkraft.

Narvik

I Narvik har Nordkraft Vind fått 200 millionar kroner.

Foto: Kurt Frostad

Ordførar i Narvik, Karen Margrete Kuvaas, er svært glad for at Narvik får støtte.

- Det er sjølvsagt kjempe-positivt. Det betyr mykje med tanke på at me er ein teknologi-by. Ikkje minst med tanke på forskning og høgskulen i byen. Dessutan er Nordkraft ei stor og viktig bedrift i Narvik-samfunnet, seier Kuvaas.

Enova har tildelt 1,1 milliardar kroner i støtte til fire vindkraftprosjekt. Dei fire prosjekta er Fakken i regi av Troms Kraft, Hundhammarfjellet i Nærøy kommune i Nord-Trøndelag i regi av NTE og Høg-Jæren i Time og Hå kommunar i regi av Jæren Energi.

Dei fire prosjekta gir omlag 460 GWh i årleg fornybar elektrisitetsproduksjon. Det tilsvarar det årlege straumforbruket til nærare 23 000 husstandar.

Største nokosinne

– Dette er den største vindkrafttildelingen noensinne, og er et stort og viktig skritt på veien for å øke produksjonen av fornybar energi i Norge, sier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen i ei pressemelding.

Enova lyste ut vindkraftprogrammet i vår. Dei prosjekta som gir mest energiproduksjon for pengane er tildelt støtte. Regjeringa meinar vindkraft vil auke krafttilgangen og redusere behovet for kraftproduksjonen som gir klimagassutslepp.

Dei understrekar i pressemeldinga at dei denne gongen har gitt støtte til to vindkraft-prosjekt i Nord-Noreg.

- Dette gir aktivitet og næringsutvikling i nord, seier Riis-Johansen.

Dei to prosjekta får til saman 550 millionar kroner.