NRK Meny
Normal

Arrestert for å spreie Nobel-nytt

Ein kinesisk mann er pågripen for å ha spreidd løpesetlar om at regimekritikaren Liu Xiaobo er tildelt Nobels fredspris.

Liu Xiaobo
Foto: Reuters

Guo Xianliang er skulda for å oppfordre til undergraving av statsmakta, opplyser ein venn av Xiaobo.

Arrestasjonen skjedde i Guangzhou, der Asia-leikane skal starte neste veke, skriv nyheitsbyrået AFP.

Tryggingstiltaka er kraftig trappa opp i området på grunn av leikane.