Hopp til innhold

– Ingen veit kva som skjer med kona til Liu Xiaobo

Telefonen til fredsprisvinnaren si kone, Liu Xia, er slått av, og det er ikkje råd å få kontakt med ho, fortel Asia-korrespondent Anders Magnus.

Video KINA-REAX-091010-WW_MXF_Innboks.MP4

Liu Xia viser fram eit bilete av ektemannen.

Liu Xia med eit bilete av ektemannen, fredsprisvinnar Liu Xiaobo.

Foto: PETAR KUJUNDZIC / Reuters

Liu Xia var tidlegare i dag på veg til fengselet for å besøke mannen sin. Sidan har NRK sin mann i Asia, Anders Magnus, ikkje hatt kontakt med ho.

– Det er ingen som får kontakt med ho. Telefonen hennar er stengd av, og det er den einaste måten ho har kommunisert med omverda på til no, fortel Magnus.

Han seier det derfor er vanskeleg å seie kva som skjer.

– Kanskje kjem ho til fengselet, eller kanskje blir ho sendt derfrå til eit gjestehus, for å vere utanfor offentlegheita til dette har lagt seg, seier han.

Skulle besøke mannen

I går fortalte Liu Xia at ho pakka medan politiet passa på, og at ho fekk lovnader om at ho skulle få besøke ektemannen i dag.

Ho sa då at ho ikkje kunne vente med å fortelje mannen sin at han var tildelt fredsprisen.

Magnus fortel at advokat Teng Biao vart arrestert medan dei to snakka over telefonen.

Shang Baojun, advokaten til fredsprisvinner Liu Xiaobo

Advokat Shang Baojun prøver å få kontakt med Liu Xia, kona til fredsprisvinnaren.

Foto: Andy Wong / Ap

Meiner prisen er feil

Liu Xiaobo vart tildelt fredsprisen fredag. Meldingane vart ikkje godt mottekne av myndigheitene:

– Liu Xiaobo er ein kriminell som er dømd til fengsel av kinesiske domstolar. Det han har gjort, går fullstendig imot meininga bak Nobels frespris, sa talsmannen for det kinesiske utanriksdepartementet Ma Zhaoxu.

Xiaobo er ein forkjempar for menneskerettar i Kina, og ønskjer politiske reformar i landet. Han vart i 2009 dømd til 11 års fengsel for å ha motarbeidd den kinesiske staten.

Video KINA-FENGSEL-091010-WW_MXF_Innboks.MP4