Peter Opsvik på sin noko rotete møbelverkstad
Foto: Ivar Kvaal / Stokke

Mannen som endra barndommen

Kor ofte tenker du på sittestilling? Peter Opsvik har brukt eit heilt liv på den tanken.

Vi menneske har vore i bevegelse sidan starten for 200.000 år sidan.

Så kom 1900-talet: Sitte på kontor, sitte i bilen og sitte framfor TV-en. På 1980-talet gjorde fjernkontrollen at me til og med slapp å reise oss for å skifte kanal.

Kva gjer all sittinga med kroppen vår? tenkte Peter Opsvik.

Og:

Kven var dei første langtidssittarane?

Svaret hans skal du få – medan me forsøker å finne stjernedesignaren som knapt har gitt intervju dei siste åra.

Me har leitt etter spor av han. På Tripp Trapp-kontoret i Oslo, i møbelbygdene Stranda og Sykkylven, på knøttvesle Tusvik – ja, sjølv rundt peisomnen hans bak Slottet.

Det var ikkje lett å finne mannen som har laga Noregs mest ikoniske møblar.

Peter Opsvik på MoMa i New York under utstilinga Century of the Child i 2012.

STORT DESIGN: Det er ikkje det at Peter Opsvik er veldig liten, men denne Tripp Trappen er veldig stor. Det er heller ikkje to av han – biletet er redigert. Moma-museet i New York i 2012.

Foto: Peter Opsvik AS

Rev og kanin

I dag blir Peter Opsvik hylla for å ha endra barneverda og som miljøvernpioner. Han har vore gjengangar i Star Trek, og stolen ein fabrikksjef ville kaste i peisen – blei stilt ut på det mest berømte museet i New York.

Det var også i USA denne historia starta.

I 1913 drog faren til Peter Opsvik over dammen for å bli rik – 16 år gamal. Etter første verdskrigen kom han heim med ein del pengar, men tapte alt på ein avlsrev som ikkje var fruktbar.

Stranda Industri A/S faksimile frå 1969

FAMILIEBEDRIFTA: Stranda Industri A/S var ein av særs mange møbelfabrikkar i Møre og Romsdal. Den blei starta av far og slektningar av Peter Opsvik.

Foto: Sunnmøre Arbeideravis 22.2.69

Men på Sunnmøre har dei alltid hatt pågang og mot.

Så Nils Opsvik prøvde seg på oppdrett av angorakanin. Ikkje suksess. Produksjon av ispinnar. Ikkje suksess. Trebeger påmala Prillar-guri. Litt suksess.

Så gjorde han som så mange andre i fylket: Starta møbelfabrikk.

Snart følgde eplet etter stammen.

Må swinge

Det gjorde sonen lurt i.

– Peter Opsvik er den viktigaste norske møbeldesignaren gjennom tidene, seier Eldar Høidal ved Møbelmuseet i Sykkylven.

Eldar Høidal ved møbelmuseet i Sykkylven

SUNNMØRE: Eldar Høidal ved Møbelmuseet i Sykkylven.

Foto: Roar Strøm / NRK

Medan han prøver å finne fram tala for dei mest selde møblane frå Noreg, viser han fram dei berømte stolane til Opsvik. Museumssjefen beskriv sunnmøringen som særs nyskapande.

– Han var den første som tenkte på barn som barn, og ikkje små vaksne.

Opsvik sin kongstanke er knytt til bevegelse. Det harmonerer med hans andre store lidenskap: Jazz.

Peter Opsvik speler saksofon

SAKSOFON: I 1973 fekk Peter Opsvik og Christiania Jazzband Spellemannprisen.

Foto: Peter Opsvik AS

I boka «rethinking sitting» siterer Opsvik jazzlegenda Duke Ellington:

«It don't mean a thing if it ain't got that swing».

Rørsle, rørsle, rørsle. Bevegelse, bevegelse, bevegelse.

Han merka seg også at dei gateartistane som helst fekk mest publikum – ikkje var gjøglarar eller akrobatar – men menneskelege statuar. Å vere urørleg vekte oppsikt.

Opsvik ville tenke nytt rundt sitting – i sittinga sin tidsalder. Han skreiv at alarmerande mange sit i 3/4 av dagen.

Og mennesket er skapt for bevegelse.

Reiseradioen

Peter Opsvik starta likevel ikkje med møblar hos faren, men med å designe reiseradioar for Tandberg.

Slik som klassikaren PT3-3.

Reiseradio PT3-3, Peter Opsvik, Tandberg Radiofabrikk, 1967

RADIO STAR: Tandberg reiseradio PT3-3 frå 1967. Eit klenodium som døyde da DAB tok over eteren.

Foto: Reklamefoto / Nasjonalmuseet

Så fekk han sonen Tor. Da guten var klar for matbordet fann far fram telefonkatalogar toåringen kunne sitte på. Men telefonkatalogar var jo ikkje framtida.

Formgivaren sette seg framfor teiknebrettet.

Og teikna ein stol som først knapt nokon ville ha.

Ein av første teikningane av Peter Opsvik til Tripp Trapp.

TANKEN BAK: Ein av første teikningane til Tripp Trapp.

Ikon-son

Sonen Tor har blitt eldre sidan 1972. Det er han som ønsker velkommen til kontoret til Peter Opsvik AS i Pilestredet i Oslo. Her er det Tripp Trapp-stolar av alle fargar. Midt på golvet står eit sittetre. Rundt om står klassikarar som kontorstolen Capisco og vippestolen Balans.

Tor Opsvik i faren Peter Opsviks sittetre

KONTORET: Eit sittevenleg miljø hos Peter Opsvik AS i Pilestredet, Oslo.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Skaparen sjølv har ikkje komme til bygninga.

Sonen Tor er sjølv eit lite ikon. Som gutunge fekk han verdas mest selde barnestol designa til seg. Så blei han reklamemodell for den.

Rød Tripp Trapp stol med designerens sønn, Tor Opsvik på. Reklamebilde 1972.

REKLAME: På biletet er Tor Opsvik fem år.

Foto: Peter Opsvik/Stokke AS

Slik har han sete på stolen med hendene i været i eit halvt hundreår.

– Det er forbausande lite på Tripp Trapp-stolen som har forandra seg, seier han.

Tor Opsvik på Tripp Trapp som for 50 år sidan

I DAG: På biletet er Tor Opsvik 52 år.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Det einaste er trebøyelen for mindre barn som i mange år var standard.

Den gjekk ikkje gjennom krava i USA og Europa, og blei bytta ut med plast.

– Trebøyelen var jo veldig mykje finare reint estetisk, seier Tor Opsvik medan han slår nummeret til sin 83 år gamle far.

Slepp barna fri

Jau då, dei hadde barnestolar også før 1972.

I antikkens Hellas har ein funne ein slags vase kor barnet kunne sitte og dingle med beina. På slutten av 1800-talet kom ein klassikar av barnestol som kunne gjerast om til vogn.

To klassiske barnestolar frå seint 1800-tal på utstilling i Sykkylven.

FØR: To klassiske barnestolar frå seint 1800-tal på utstilling i Sykkylven.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Problemet ifølge Peter Opsvik var både at ungane vaks ut av stolen – og ikkje minst – at dei var sperra fast. Prøv å rør deg med dinglande bein. Formgivaren meinte at barn skulle vere fri.

Som det heiter i Opsvik sitt mantra: Den beste stillinga er den neste.

No fekk barna ein stol kor dei kunne røre på seg. Dei kunne vekse i han. Barnehagetilsette slapp å øydeleggje ryggen.

Og som småbarnsfaren Peter Opsvik såg: «Når barnet sitt godt og kan reise seg opp og skifte stilling i stolen, er det villig til å vere ved bordet lenger».

Det burde ha vore ein no-brainer.

Men stolen likna ikkje ein stol.

Tidleg teikning av Tripp Trapp vs vanleg stol.

IDEEN: Tidleg teikning av Tripp Trapp.

Foto: Stokke/Peter Opsvik AS

– Brenn han

– Kast han i peisen og fyr opp, sa grunnleggaren av Stokke fabrikkar då den 33 år gamle Peter Opsvik presenterte Tripp Trapp.

Heldigvis hadde også seniorsjefen ein son. Som hadde fire ungar og skjønte utfordringa med å få barna opp i høgda. Så Stokke satsa på den sære stolen.

Som det stod i Møbelavisa på same tid: «Den som går i andres fotspor kjem aldri framfor».

På den viktige Sjølystmessa blei Tripp Trapp for første gong presentert for publikum og møbelhandlarar. Gjennom heile den godt besøkte messa blei det seld – tre – stolar.

To til A-møblar og ein til Husfliden – som likte bruken av treverk.

Tilbud på salonger i hud fra Møbelhandleren på Jessheim

HUD: Det var salongar i hud og skai som var populære hos møbelhandlaren på Jessheim dette året.

Foto: Romerikes Blad, 8.2.1973

Det var fleire enn fabrikkgründeren som var skeptisk til nyvinninga.

TV gav salsboom

Men så kom Tripp Trapp-stolen på Noregs einaste fjernsynskanal.

Eit NRK-program sette søkelyset på Opsvik sitt barnemøbel ved å lage gigantiske møblar for vaksne:

TV gav salsboom for Tripp Trapp

Dagen etter blei NRK-sentralbordet nedringt. Fabrikken klarte ikkje å lage nok stolar. Frå 1973 til 1974 steig salstala frå rundt tre stykk til 10.000.

Stolen var klar for verda.

Peter Opsvik bygger med barna - heile familien hadde Tripp Trapp

DEN FØRSTE TRIPP TRAPP-FAMILIEN: Tor Opsvik (til venstre) hugsar at alle fire i familien heime i Asker sat på Tripp Trapp.

Foto: Stokke/Peter Opsvik AS

Eventyr og snublefelle

På kontoret i Oslo står sonen framleis for omvisinga. Designaren sjølv kan kanskje nåast heime seinare. I ein krok står eit lågteknologisk arkiv.

Tor Opsvik med arkivdings2

ARKIV: På leit etter originale teikningar.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Etter fleire forsøk og med god hjelp klarar Opsvik jr. å opne arkivet og finne fram originale teikningar til Tripp Trapp.

Det viser seg at nokon av tekstane er på slovensk. Stokke fabrikkar fekk tidleg i gang utanlandsk produksjon.

Viser originale teikningar for Tripp Trapp

ORIGINAL: Med hjelp frå designar Thien An Van fann me Tripp Trapp i arkivet.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Men i utlandet var Tripp Trapp-namnet ei utfordring. Peter Opsvik hadde tenkt på dei ulike storleikane på bukkane i bestseljar-eventyret – samt forma på stolen.

Men han hadde neppe tenkt på namnet oversett til engelsk: Trip kan bety å snuble. Trap betyr felle. Ei snublefelle er ikkje det du vil putte ungen din i.

I USA blei stolen lenge seld som «KinderZeat».

Frå kontoret ringer Tor Opsvik igjen sin far. Me får lov til å komme heim til han for å sjå ein av hans siste nyvinningar.

Star Trek og ryttarar

For nyvinningar har det vore mange av.

Først levde mennesket oppe i tre?

Opsvik skapte Garden – den opphøgde og fleksible stolen.

Garden-stolen av Peter Opsvik

DEKORATIV: Garden med skaparen sjølv i.

Foto: Peter Opsvik AS

Kven var den første langtidssittaren?
Kanskje ryttaren – som sit høgreist og flott på salen på ein hest, okse, esel eller kamel.

Opsvik skapte sadelstolen Capisco – den halvvegs ståande kontorstolen som blant anna denne artikkelen er skrive frå.

Capisco-stolen av Peter Opsvik

KONTORSTOL: Capisco

Foto: Flokk/Håg

Kvifor sitte fast i ei stilling?

Opsvik var med på skapinga av Balans – den gyngande stolen du kan sitte på mange måtar på.

Eldar Høidal med Variable Balans

GYNGANDE: Balans Variable på Møbelmuseet i Sykkylven.

Foto: Roar Strøm / NRK

Så nyskapande og boblande var Peter Opsvik gjennom 1970- og 1980-talet at stolane hans nær var faste innslag i den futuristiske serieklassikaren Star Trek.

Opsvik Capisco i Star Trek

FRAMTIDA: Opsviks Capisco i Star Trek

Peter Opsviks Anova 2030 i Star Trek

FRAMTIDA: Opsviks Anova i Star Trek

Peter Opsviks Globe Garden i Star Trek

FRAMTIDA: Opsviks Garden i Star Trek

Skaparkrafta

På veg heim til Opsvik fortel sonen at det framleis boblar godt i topplokket til 83-åringen som er på kontoret 2–3 dagar i veka.

– Han har ei eiga evne til å irritere seg over ting som ikkje verkar eller er dårleg laga.

Tor Opsvik fortel om da faren var innlagd på sjukehus og kom heim med tanken om tøflar for å kunne sparke betre ifrå i senga.

– No er han i gang med nokre fotstøtter til barnesete i bil. Han syntest det var forferdeleg at barn måtte sitte og dingle med beina i mange timar, fortel Opsvik junior.

TUSVIK: Cylindra i Tusvik på Sunnmøre viser noko av det mest leikne frå Peter Opsvik.

TUSVIK: Galleri Cylindra i Tusvik på Sunnmøre viser noko av det mest leikne frå Peter Opsvik.

Kikkeskap av Peter Opsvik

TUSVIK: Her eit kikkeskåp.

Kikkeskåp

TUSVIK: Opne opp...

Kikkeskåp

TUSVIK: Og møt eit tilfeldig bilete som Peter Opsvik fann i ein kontainer.

Cylindra, Tusvik

TUSVIK: Kjellbjørn Tusvik ved Galleri Cylindra blant Peter Opsviks leikne møblar.

Sjølv blei Peter Opsvik sitert i Dagens Næringsliv for nokre år sidan at det var i slumretida om morgonen han fekk dei banebrytande ideane:

– I denne smeltedigelen får hjernen ei stor skaparkraft som kan gi uventa løysingar. Da kan fabulerande draumar blande seg med konkrete og aktuelle problemstillingar, skreiv han da.

Det var ikkje berre sittestilling han var opptatt av.

Finansminister Jens Stoltenberg på tur med Peter Opsvik som passasjer i Opsviks soldrevne bil Butterfly.

OGSÅ BILUTVIKLAR: Finansminister Jens Stoltenberg på tur med Peter Opsvik og medutviklar Harald N. Røstvik som passasjer i deira soldrivne bil Butterfly.

Foto: Lise Aaserud / NTB

Miljøvernaren

– Peter Opsvik var miljøvernar før ordet var oppfunne, seier Eldar Høidal ved Møbelmuseet i Sykkylven.

1972 var året økopolitikken blei fødd.

Da kom rapporten «Limits to growth». Den alarmerte at veksten i verdas folketal, økonomi og bruk av natur kunne få heile Jorda til å kollapse. Kjapt blei FN sitt miljøprogram oppretta.

På nøyaktig same tid blei Tripp Trapp-stolen lansert. Designa for å halde i mange tiår.

Tidleg reklame for Tripp Trapp.

ORIGINALEN: Tidleg reklame for Tripp Trapp.

Foto: Stokke/Peter Opsvik AS

– Han er så berekraftig og solid at han i dag er sin største konkurrent, seier Eldar Høidal.

Dei som kjøpte barnestolen på 1970-talet brukar han no gjerne til barnebarn eller oldebarn.

Likevel er Tripp Trapp-stolen det mest selde norske møbelet i historia, ifølge tala Høidal har funne fram:

GRAFIKK DEI MEST SELDE NORSKE MØBLAR
Tripp Trapp (Opsvik, 1972) 14 mill.
Stressless (Ekornes, 1971) 11 mill.
R-48 (Bendt Winge, 1970) 7 mill.
Credo/Creed (Opsvik, 1982) 3 mill.
Capisco (Opsvik, 1983) 1,3 mill.
Kilde: Møbelmuseet og Norsk Industri
Grafikk: Tuva Tagseth / NRK

Siste kapittel

Heime hos Peter Opsvik bak slottet i Oslo er det lyst, luftig og stilreint. Men tomt. Stjerna er ikkje her heller. Han måtte visst ut i eit ærend. Sonen Tor viser meg ei av faren sine siste oppfinningar.

Det heiter Fyre for kråka og skal utnytte omnsvarmen betre. Berekraft i eit land som skrik over straumprisane.

"Fyre for kråka"

FYRE FOR KRÅKA: Tanken er at meir av pipevarmen går til oppvarming.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Me får ikkje til eit møte med designaren – trass sonen sine mange forsøk. Men ringen er på ein måte slutta her ved omnen til Peter Opsvik. Det var i omnen Stokke-grunnleggaren ville kaste den aller første Tripp Trapp-stolen.

I dag er Stokke overraskande nok eigd av ein sørkoreanar som slo seg opp på dataspel, og som blei fascinert av skandinavisk design gjennom Lego.

Seks Tripp Trapp-stolar på ein vegg
Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Men Tripp Trapp er norsk. Og da folket kåra det fremste innan norsk design i 2017 var det Tripp Trapp som trona øvst. Han fekk dobbelt så mange stemmer som nummer to på lista, X-baugen. Ostehøvelen blei nummer tre.

Under festtalene blei Tripp Trapp omtalt som «den vesle himmelstigen».

Det er eit bilete som sit godt.

Har du Tripp Trapp heime?

Ps. Ved faktasjekk fekk me stilt eit spørsmål til Peter Opsvik:

Ca. halvparten har beinplata på Tripp Trappen feil veg. Kva kjensler vekker det hos designaren sjølv å sjå slikt?

– Hehe, eg har merka meg det same. Det er til å leve med.