Skodje vegstasjon vart bygd i 1958, og er blitt lite endra sidan då. Bygningen er typisk for vegstasjonane frå denne tida.
Blåfjellbrakka
Foto: Statens vegvesenBlåfjellbrakka vart bygd i 1904 for dei som arbeidde med å vedlikehalde Geirangervegen - den einaste brakka i Statens vegvesen som er bygd etter eige stortingsvedtak! Ho vart restaurert i 1989, og blir i dag brukt som fritidsbustad for tilsette i Vegvesenet.
Ved sida av brakka er det oppattbygt eit moldhus. Der lagra dei jord som dei strødde på snøen om våren slik at han skulle smelte fortare.
Bygningane er den første gruppa som blir freda av dei objekta som er med i Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne. I heile landet er det 19 veghistoriske bygningar som no er freda.
I Møre og Romsdal er også desse med i Nasjonal verneplan:
- "Trondhjemske postvei", Ørskogfjellet
- Geirangervegen
- Skodjebruene
- Ferjekaia i Eikesdalen
- Sveggebrua, Averøy
- Atlanterhavsvegen
- Bergsøysundbrua