Hopp til innhold

Snørydding på Geirangervegen

Brøytinga går framover, men enno er vegopninga eit stykke unna...

Snørydding på Geirangervegen

Snøen ligg djup nord for Djupvatnet.

Foto: Nils Helge Bjørdal/Statens vegvesen

- I løpet av dagen når vi Djupvasshytta, seier byggeleiar Nils Helge Bjørdal i Statens vegvesen til NRK Møre og Romsdal torsdag formiddag. Då er det drygt 7 km igjen til riksveg 15 ved Langvatnet.

På flatene ved Blåfjellet nord for Djupvatnet er nok snøen omkring 6 meter djup, seier Bjørdal. Det han ikkje vil seie noko om, er når dei kan opne vegen mellom Geiranger og Grotli. - Det er det vêret som avgjer, seier han. Dessutan har ikkje Stavbrekkfonna gått enno, og før den er komen ned, kan vegen ikkje opnast.

I fjor blei vegen opna 22. mai, og i 2006 11. mai.

Stavbrekka mai 2008

7. mai 2008: Stavbrekkfonna har enno ikkje gått.

Foto: Nils Helge Bjørdal/Statens vegvesen
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.