NRK Meny

Køyrde med 2,88 i promille

Ein mann frå Nordmøre er dømd til 21 dagars fengsel for fyllekøyring. Mannen i slutten av 40-åra hadde ei promille på 2,88 då han blei stoppa av politiet i Stavanger. Retten såg det som særleg skjerpande at køyringa hadde skjedd på ein parkeringsplass der det naturleg er mange trafikantar og at mannen også skal ha køyrd på ein anna bil under køyringa. I tillegg til fengselsstraffa mister mannen lappen i to år og må betale ei bot på 20.000 kroner.