Hopp til innhold

Ventar artist-boom før neste MGP

Musikkprodusent David Eriksen trur fleire norske artistar og låtskrivarar enn tidlegare kjem til å banke på Grand Prix-døra neste år.

Evenrud og Eriksen

Ole Evenrud (t.v.) og David Eriksen satt i dommarpanelet i Idol-sesongen 2005.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

– Melodi Grand Prix har i år fått eit stort løft. Eg trur fleire artistar og låtskrivarar kjem til å melde seg på til neste års arrangement enn tidlegare år, seier Idol-dommaren til nrk.no.

I år var han var låtskrivar for Tone Damli Aaberge, som kom på andreplass i den norske finalen med songen «Butterflies».

Les også: - Uaktuelt å arrangere MGP utendørs

Gratuler: Send dine gratulasjonar til Rybak her

Rybak-effekt

– Eg trur også Rybak-effekten fører til fleire seriøse innslag neste år. Sirkuset rundt MGP kan også forsvinne litt. Og så må platebransjen no skjøne kor viktig Grand Prix er, seier han.

– Kor store er sjansane for at du kjem til å stå bak ei av MGP-låtane neste år?

– Eg vil ikkje love noko som helst. Eg må føle at alt stemmer før eg eventuelt kastar meg rundt med eit nytt prosjekt.

Les også: Førebur seg på Gardermoen-kaos

Merka MGP-effekt etter sist siger

Ein annan kjent musikkprodusent, Ole Evenrud, merka auka interesse i 1996 – året etter at Secret Garden vann den internasjonale finalen for Noreg for andre gong i historia.

– Eg trur interessa og kvaliteten neste år blir bra uansett. Men det blir ikkje lett å overgå arrangementetet i Moskva, seier produsenten som var med i MGP-utveljingsgruppa i 1996.

– Har det noko å seie kva by som bli vertskap for festen?

– Eg trur det blir fullt hus uansett kor arrangementet blir. Det er nok best om det er i nærleiken av Oslo, men det hadde jo vore gøy om det vart lagt til Halden, flirer kjendisprodusenten.