Hopp til innhold

Førebur seg på Gardermoen-kaos

Ekstra vakthald er kalla inn og delar av flyplassen blir sperra av. Gardermoen førebur seg på Rybak-kaos i kveld.

Informasjonssjef Jo Kobro ved Oslo Lufthavn Gardermoen (OSL).
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

– Ein må rekne med mykje folk når heile verda blir invitert på direkten, seier informasjonssjef ved Oslo Lufthavn Gardermoen, Jo Kobro til nrk.no.

Det var etter den overlegne sigeren i Eurovision Song Contest i går kveld at Alexander Rybak - på direkten - inviterte alle fans til Gardermoen i kveld klokka 23.

Alexander Rybak

Alexander Rybak etter at sigeren var klar i går.

Foto: DMITRY KOSTYUKOV / AFP

Les også: Rybak hylles av våre naboer

Hoppa høgt i stolen

– Eg må innrømme at eg hoppa høgt i stolen då han sa det i går. Men vi skal førebu oss godt og legg vekt på at tryggleiken blir ivareteken. Derfor kjem vi til å sperre av delar av flyplassen og innkalle ekstra vakthald.

– Får dette konsekvensar for den ordinære flytrafikken?

– Nei, det er jo flytrafikk vi driv med og den har vi ikkje tenkt å stoppe. Dette skal ikkje gå utover dei andre reisande.

Les også: Eventyret Rybak bergtok Europa

Legg opp til «ein liten trall»

Men dei som møter opp for å hylle den ferske Grand Prix-vinnaren, må ikkje vente seg eit spektakulært show.

– Vi har ingen konsertfasilitetar på flyplassen og har ikkje lagt opp til noko program. Men vi vil leggje til rette for at Rybak kan ta ein liten trall for dei som møter opp, seier Kobro.

Alexander Rybak sin manager, Kathrine Synnes, vil ikkje love noko som helst i kveld.

– Alexander er sliten, men gler seg til å kome heim. Han set pris på at folk tek imot han, men vi har ikkje lagt opp til noko program på Gardermoen, seier ho til nrk.no.

Les også: NRK blir ESC-vertskap

Usikkert tidspunkt

Det har i dag også vore usikkert når Rybak er venta på Gardermoen. Ifølgje Kobro er det nemleg ingen fly frå Moskva som landar klokka 23 i kveld.

– Det einaste flyet til Oslo er venta 21.25 i kveld, seier han, utan at har er skråsikker på kva fly Rybak sit på i kveld.

Kathrine Synnes kunne i føremiddag ikkje svare på om det er dette flyet Rybak og følgjet skal ta.