Hopp til innhold

- Verdas største homseparade

På pressekonferansen etter sigeren i Moskva i natt kalla Alexander Rybak Melodi Grand Prix -showet for verdas største homseparade.

Video nsps_upload_2009_5_17_17_37_15_927.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå utdrag frå pressekonferansen her.

Homseparade

Den suverene vinnaren av Eurovision Song Contest fekk spørsmål om kva han meinte om homseparaden i Moskva tidlegare på dagen.

Den glade trubaduren svarte at han ikkje heilt såg vitsen med å halde paraden akkurat denne dagen, så lenge verdas største homseparade gjekk føre seg om kvelden.

Og han sikta sjølvsagt til den store MGP-konkurransen han akkurat hadde vunne.

Svaret vekte ein god del latter i salen.

Ikkje beste songar

Rybak sa også på pressekonferansen at han lagt frå var den beste songaren i konkurransen, men at han hadde ei historie han ville fortelje. Og at folk tydelegvis hadde likt historia hans.

- Og så hjelpte det nok at eg spelte fele, sa han.

På spørsmål om kven han sjølv ville ha røysta på, så svarte han kontant Island. Island hadde beste vokalisten, sa han, medan Ukraina hadde beste songen.

- Jeg unnskylder

- Ikke store jobben å lede MGP

Ventar artist-boom før neste MGP

- Uaktuelt å arrangere MGP utendørs