Hopp til innhold

- Tenk at eg vant!

- Det kan umogeleg berre ha vore Øivind Blunck som stemte i kveld, sa Guri Schanke etter at det gjekk opp for ho kor mange som faktisk hadde stemt på ho og songen hennar «Ven A Bailar Conmigo».

Guri Schanke og låtskriverne
Foto: Marius Alstedt / NRK

- No blir det fest! Eg er kanskje ikkje den beste til å feste, men det blir nok eit par glass champagne, sa ei smilande Guri Schanke rett etter TV-sendinga var over.

Midt oppi eit enormt blitzregn sto den ferske vinnaren av Melodi Grand Prix 2007. Og det var ikkje måte på kor mange journalistar, venar og ikkje minst familie som ville opp på scena for å gratulere den ferske vinnaren.

Stolt av mamma

- Det var dødsgøy at mamma vant, sa sønnane Edward og Ludvig til alle journalistane og såg opp på mamma og smilte.

Begge gutane hadde fått kvart sitt kontantkort på 500 kroner som dei skulle få stemme for.

- Vi har klart å bruke opp kontantkorta, sa gutane. Og om du lurte       dei stemte berre på mor si.

- Eg har lova at om eg vant så skulle dei få ein ny PC, og det skal dei få no! Då mamma sa dette smilte gutane litt ekstra.

Dei syns det var gøy å sjå mor si skifte kjole på scena.

- Det er imponerande, sa gutane, som kan songen til mor si berre sånn halvvegs.

Finland, here I come!

Guri Schanke
Foto: Geir Evensen / NRK

No er det Finland og den internasjonale finalen Guri Schanke skal vinne, og det er ho klar for.

- Eg håpar at Europa er klar for litt latino-rytmer.

Er det noko som blir annleis i den internasjonale finalen?

- Det har eg ikkje fått tenkt så mykje på, men det blir kanskje det. Ein ny kjole kanskje?

Sko-shopping

Per Sundnes har tidlegare sagt at å reise til Finland blir kjekt uannsett kvne som vinn, men det kjem til å bli ein ganske forskjelleg tur om for eksempel Dusty Cowshit vinn eller om Giri Schanke vinn.

- No blir det skoshopping og all anna slags shopping for alle penga! Vi skal lage liv i Helsingfors, fortel Per Sundnes som gler seg til å reise til Finland med Guri.

Ikkje favoritt

Guri Schanke var ikkje favoritten til presidenten i MGP-klubben Morten Thomassen.

- Guri var ikkje min favoritt, men for ein finale! Dette var utruleg.

Trur du Guri Schanke har sjans til å vinne den internasjonale finalen?

- Eg er litt usikker, om ho klarar å få latinorytmer inn i heimane rundt om i Europa så kanskje, men det er vanskeleg å seie.

Og det kan bli vanskelegare å vinne i Finland enn i Norge av andre grunnar og, meiner presidenten.

- Det er nok ei større utfordring å vinne i utlandet fordi der er ho ikkje kjent frå før. Det hadde ho nok ein stor fordel med i Norge, men i utlandet er det ingen som veit kven ho er.

Er du einig med presidenten i MGP-klubben? Diskutèr om det var riktig låt som vant her

Stort ansvar

Det var mange som gjekk ut frå Oslo Spektrum å nynna på songen «Ven A Bailar Conmigo» etter å ha høyrt den heile tre gongar på ein kveld. Og den 10. mai får dei høyre den igjen, og om Guri klarar å få Norge vidare til finalen så syng ho songen sin den 12. mai og.

- Det er eit stort ansvar å ha, men eg skal gjere så godt eg kan, avslutta Guri Schanke.  

Les meir om finalen her

Møt Guri Schanke på mandag!