Per Olav Olsen
Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Da Vinci à la Verdal

FIRENZE, ITALIA (NRK): Per Olav Olsen måla eit bilde av seg sjølv då livet var på sitt aller mørkaste. Like etter fekk han ein telefon frå Italia.

Trøndelag, 1991:

På eit guterom i Verdal sit ein 11-åring og teiknar. Han teiknar hundar, troll, Askeladden og dr. Egon Spengler frå 80-talsfilmen «Ghostbusters». Slik sit han, time etter time, dag etter dag, år etter år, og drøymer seg vekk i teikningane sine.

Bortsett frå veslebroren Tom Erik, har han ikkje mange vennar. Kanskje ein eller to. Det er nemleg ikkje berre berre for ei litt annleis kunstnarspire å vekse opp midt mellom fabrikkarbeidarar og lottomillionærar.

Læraren Kari Aasen Børresen observerer at han blir mykje mobba, og at han har det veldig vondt. Han er spesiell, litt annleis, og har blitt ein hoggestabbe for dei andre. På kveldstid får ho fleire bekymra telefonar frå mora.

Korleis kan dei hjelpe guten ut av «helvete» i skulegarden?

Egon Spengler

Teikningar av Per Olav Olsen, 11 år.

Troll
Askeladden

Ein dag kjem rektoren stormande inn på lærarrommet på skulen. «Har de sett noko så fenomenalt?» roper han i begeistring. I handa har han ei teikning av Edvard Grieg som guten teikna i musikktimen.

Kari smiler. Ho spår at trass motgangen, så kjem den plaga eleven hennar ein gong til å bli noko stort.

Ho tar vare på fleire av teikningane hans og lagrar dei i ei eske i kjellaren, berre sånn i tilfelle NRK skulle ringe nesten 30 år seinare og spørje om ho tilfeldigvis har nokre av barndomsteikningane til kunstnaren Per Olav Olsen liggande?

Slåstkjempe

Då mobbinga ikkje minka på ungdomsskulen, skjøna Per Olav Olsen at han måtte ta saka i eigne hender.

Han begynte med styrkeløft, og bygde seg opp til å bli ein av dei største kraftpluggane i bygda. Som 16-åring sette han kretsrekord for ungdommar då han løfta 115 kg i benkpress.

Han måtte bokstavleg talt kjempe seg gjennom tre år med ungdomsskule. Slagsmål med andre elevar vart ei dagleg rutine. Då det stod på som verst var veslebroren så bekymra for storebrorens liv og helse at han saumfór huset kvar gong han kom heim.

Per Olav Olsen

BRØR: Per Olav (16) saman med veslebroren Tom Erik (12) utanfor hytta i Killingdal, sommaren 1996.

Foto: privat

Han fann Per Olav ofte over teikneblokka, og etter kvart begynte alle timane på guterommet å gi avkastning.

Sløyd- og teiknelæraren vart merksam på talentet hans. For første gong fekk han seriøse og konstruktive tilbakemeldingar på teikningane sine.

Men kva skulle han gjere etter grunnskulen? Etter eit år på folkehøgskule begynte han på kunstskule i Bergen, men opphaldet vart ikkje heilt som han hadde venta seg.

Den store draumen var å lære seg å måle på same måte som dei gamle meistrane. Han hadde vore på museum og sett dei romantiske landskapsmåleria av Tidemand og Gude og tenkt «Kva faen? Går det an å måle slik?»

Han var difor veldig spent den dagen dei skulle lære å måle akt på skulen i Bergen. Endeleg skulle han lære å måle menneskekroppen! Men då han kom inn i klasserommet var det noko som skurra:

Alle staffelia var vendt mot veggen. I midten stod ein skjeggete naken mann med bongotromme. Så begynte han plutseleg å danse og kauke medan han hamra laus på tromma.

Per Olav måtte stå med ryggen til, og fekk ikkje ein gong lov til å sjå på modellen. Han fekk berre måle ut ifrå det han følte i rommet.

«Ikkje i helvete», tenkte han med seg sjølv.

Dansing, tromming og kauking var ikkje noko for han.

Per Olav slutta på skulen og reiste heim til familien i Verdal. Han melde seg arbeidsledig og var i ferd med å gi opp heile kunstnardraumen.

Ute var det mørkt, kaldt og vinter. Faren samla saman nokre gamle aviser for å tenne opp i peisen.

Det var då han såg den vesle artikkelen på gulna avispapir:

Det stod om ein privat kunstskule i Steinkjer – Torhild Ramberg studio. Men det han beit seg mest merke i var at ho hadde studert i Italia.

Per Olav tok opp telefonen og fekk lov til å begynne på skulen i Steinkjer med det same. Eit par år seinare kom han inn på The Florence Academy of Art i Firenze – verdas største og eldste kunstskule for klassisk realisme.

Firenze 2019

– Disiplinen, empatien og pågangsmotet eg har i dag er eit direkte resultat av korleis eg takla livet i oppveksten, seier Per Olav alvorleg.

Den kraftige trønderen i rutete skjorte gir NRK ei omvising på kunstskulen han gjekk på i fire år på starten av 00-talet. Den italienske renessansebyen står i sterk kontrast til industribygda Verdal og laussnusen under leppa til Per Olav.

Det var her draumen vart verkeleg, sjølv om han langt ifrå fekk lov til å stå og måle gjennom heile studietida. Tolmod verkar å vere ein viktig eigenskap for å lukkast på skulen.

Per Olav ung

UNG KUNSTSTUDENT: Per Olav ved sidan av ei kolteikning han teikna i april 2002, under første året på The Florence Academy of Art.

Foto: privat

– Vi fekk ikkje lov til å måle med fargar før på tredje året. Det første året var det berre lov å teikne.

Studentar frå ulike aldrar og nasjonar står og teiknar og målar i alle krikar og krokar av skulen. Alt går føre seg under store takvindauge vendt mot nord. Det er nemleg den beste himmelretninga for stabile lysforhold gjennom dagen, sidan sola aldri står på rett gjennom glaset.

I ein av gangane heng eit bilde som Per Olav sjølv teikna då han gjekk første året på skulen. I utgangspunktet ser det ut som ei vanleg kolteikning av ei bedande statue. Men ser ein ekstra nøye etter, så kan det sjå ut som bildet ein gong har vore knurva?

– Dette bildet jobba eg med kvar dag i 10 veker. Men eg følte meg aldri nøgd, så til slutt berre gav eg opp, knurva saman bildet og sparka det bortover golvet.

Per Olav Olsen

UFERDIG: Dette bildet brukte Per Olav Olsen ti veker på å teikne. Han vart aldri ferdig.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Då han skulle inn til den siste evalueringa på slutten av første året fekk han oppleve ei grundig skjennepreike av rektoren. Ikkje fordi teikninga var dårleg, men fordi han gav opp.

Fleire år seinare fekk han sjokk då han såg kva som hang på veggen.

– Det viste seg at nokon hadde funne det samanknurva lerretet, strekt det ut og hengt det opp på veggen. No blir eg minna på teikninga eg aldri fullførte, seier han og ristar på hovudet.

Sidan har Per Olav fullført kvart einaste verk han har begynt på – sjølv i alle åra han stod og måla i ein kjellar i Verdal – langt unna dei nordvende takvindauga i Firenze.

Kvinna med kvit krage

– I Verdal forstod dei ikkje djupna av kva denne tradisjonen går ut på. Men det kunne eg jo heller ikkje forvente.

Etter studietida i Italia reiste Per Olav heim og begynte å livnære seg av å måle portrett og undervise i kunstmåling. Det tok ikkje lang tid før han skjøna at det kom til å bli vanskeleg å halde fram med å utvikle seg vidare som kunstnar i Noreg.

Han var også klar over at klassisk figurativ kunst framleis vart uglesett i deler av det etablerte kunstmiljøet. Det hadde både Odd Nerdrum og Vebjørn Sand erfart nokre år tidlegare.

Sistnemnde terga på seg mange då han hevda at «ingen av dei tilsette på Norges Kunsthøgskole var i stand til å teikne ei hand» (noko som blir sett på som ein av dei vanskelegaste tinga å teikne).

Per Olav Olsen

ANATOMI: Studentane ved The Florence Academy of Arts må også ta eigne anatomi-klasser, der dei lærer om alle beina og musklane i kroppen.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

– Det var ei tydeleg oppfatning at oljemåleriet si tid var forbi. Det vart sett på som avleggs, lite progressivt og var inga legitim uttrykksform. Haldninga var at det var lett å bli flink, men vanskeleg å vere original.

Kva tenkjer du om den påstanden?

– Til eit visst nivå kan kven som helst lære seg dei grunnleggjande prinsippa. Men teknikken er uansett berre eit språk. Kunsten er noko ein har inni seg. Å seie at det eg kjem med er avleggs, er det same som å seie at alt eg meiner og føler er avleggs, seier Per Olav.

Sjølv om dei kunstnariske tilhøva i Verdal ikkje var perfekte, så gjekk det heldigvis mykje betre på det sosiale planet. Veslebroren Tom Erik budde framleis i bygda, og sjølv om han føretrekte motorsyklar framfor målarpenslar, så var dei likevel perlevennar.

I 2009 fekk Per Olav tilbod om jobb som kunstlærar i Göteborg, på ein skule som høyrde til den han studerte på i Firenze. På dette tidspunktet budde han på ein hybel i Verdal, og strevde med å halde hjula i gang. Jobben i Sverige var ei gyllen moglegheit.

Ikkje mange dagane etter tilbodet kom, ringde det på døra.

Utanfor stod det ei ukjent kvinne med kvit krage rundt halsen.

–Er det presten som kjem på besøk, spurde Per Olav.

– Ja, det gjeld broren din, sa ho.

Veslebror

Veslebroren Tom Erik Olsen fall 14 meter frå eit stillas på ei oljeplattform i Nordsjøen og døde på Haukeland sjukehus like etter. Han vart 24 år gammal.

I staden for å planlegge flytting, måtte Per Olav planlegge gravferd. Det var uansett ikkje aktuelt for han å reise frå familien no.

– Eg var så stolt av han. Han var jo det einaste søskenet eg hadde. I gravferda kom det over 600 stykk. Vi måtte stå to og ein halv time i kondolansekø ved grava, hugsar han.

Det skulle ta over eit halvår før Per Olav orka å måle igjen.

Då stilte han seg opp framfor ein spegel under ein varm teaterlyskastar og begynte på eit sjølvportrett. Dag etter dag vart han ståande og måle ut sorga og saknet etter broren sin.

– Eg stod i svart frakk med eit dystert uttrykk. Men det varme lyset symboliserer at livet også går vidare. Vi må berre først ta eit augeblikk og anerkjenne at no, no er det mørkt.

Sjølvportrett

SJØLVPORTRETT: Dette er det første bildet Per Olav Olsen måla etter broren døde i 2009.

Foto: privat

Bildet vart utstilt på ei stor internasjonal utstilling i Firenze året etter. Per Olavs sjølvportrett fekk hovudplassen og hausta lovord frå samlarar frå heile verda.

I 2015 fekk han ein uventa telefon frå ein av lærarane han hadde på The Florence Academy of Arts. Læraren lurte på om Per Olav kunne tenkje seg å kome tilbake til Italia og undervise på skulen.

Verdalingen vart heilt paff av tilbodet.

Han hadde nettopp kjøpt seg leilegheit med pengane frå forsikringa etter broren. Han hadde begynt å slå seg til ro og forsona seg med eit rolegare liv i Trøndelag.

Ville han verkeleg gi slepp på alt dette og følge den store kunstnardraumen i Firenze?

Sjølvsagt ville han det.

Han selde leilegheita, gav vekk hunden og sette seg på flyet tilbake til Italia.

Lærarmeisteren

– Mys og finn den enkle versjonen. Det du ikkje ser når du myser skal heller ikkje vere med i måleriet.

Per Olav står og myser mot bildet til ein ung amerikansk kunststudent. Han underviser på siste året i «advanced painting», og går målretta frå rom til rom og gir konkrete tilbakemeldingar til studentane.

Per Olav Olsen

MYS: Per Olav Olsen underviser studentane på tredjeåret ved The Florence Academy of Arts. Her står han saman med kunststudent Mary Hatagaya frå Honolulu, Hawaii.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

«Litt lysare her.» «Litt skarpare der.»

Her er det ikkje snakk om noko føleri. Skulen i Firenze har ei nærmast matematisk tilnærming til kunsten.

Elevane hans flokkar frå heile verda til Firenze for å lære dei gamle målarkunstane frå renessansen. Metoden dei lærer blir kalla «sight-size». Han går ut på at motivet blir teikna i nøyaktig same storleik som det kunstnaren ser frå der han står.

Slik er det mogleg å lære seg å teikne og måle veldig likt røynda.

Sightsize

Sight-size

Sightsize
Pomelos

POMELOS: Bildet er måla av tidlegare student Rachel Personett

– Per er ikkje berre ein god lærar, men også ein fantastisk kunstnar, seier direktør Susan Tintori i begeistring då vi møter ho i gangen.

Det er tydeleg at han har ein høg status, både blant elevane og resten av staben på skulen. Den røffe utstrålinga han truleg utvikla under den tøffe mobbeperioden på ungdomsskulen, gir han ein naturleg autoritet i rommet.

– Eg er kjent for å vere ærleg og direkte. Ikkje noko «bullshit» eller svada. Eg er jo son av min far, seier Per Olav og ler.

Men ok – no har det vore vel mykje snakk om Firenze her. Kva er det som er så spesielt med denne vesle italienske byen?

Dei stille augeblikka

For å skjøne meir må vi legge inn eit stopp på Uffizi, eit av verdas eldste og mest kjente kunstmuseum. Per Olav er sjølvsagt guide.

– Tenk å få stå her, berre nokre få cm unna, og studere målarstrøka til Da Vinci, seier Per Olav medan han lar seg fortape i kunstverket «Bodskapen» av den store målarmeisteren.

Per Olav Olsen

DA VINCI: Per Olav studerer penselstrøka til Leonardo da Vinci på museet Uffizi i Firenze.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Det var i denne byen alt gjekk føre seg. Det var her dei store meistrane som Da Vinci, Michelangelo og Botticelli budde og laga udødeleg kunst under renessansen.

Vi traskar raskt gjennom dei lange korridorane i det gamle museet. Det eine ikoniske måleriet etter det andre dukkar opp på venstre og høgre hand. Men Per Olav vil raskt vidare – til det langt mindre kjente nabomuseet Pitti. Der heng nemleg fleire bilde av den sveitsiske kunstmålaren Antonio Ciseri.

– Sjå på den handa der! Viss eg nokon gong klarer å måle ei hand på den måten der, så skal eg ikkje klage på mykje, seier Per Olav og peikar på eit bilde av det store forbildet hans.

Ciseri 1

Portrett måla av Antonio Ciseri.

Ciseri 2

– Sjå på den handa der!

Ciseri 3

Hit kjem han regelmessig med studentane sine for å studere det gamle handverket.

– Eg er på jobb eg no og gjer research.

Har du plukka opp mange triks her?

– Absolutt. Eg studerer korleis bildet er bygd opp, penselstrøka og kvar han måler med mjuke og skarpe kantar ...

Ecce homo by Antonio Ciseri

ECCE HOMO: Antonio Ciseri brukte 11 år på dette bibelske motivet av Jesus Kristus og Pontius Pilatus. Ciseri studerte i Firenze på 1800-talet. Han vidareutvikla tradisjonen frå dei store meistrane under renessansen.

Foto: Wikimedia Commons

Per Olav gløder av entusiasme over kunsten på veggane i museet. Det begynner å krible i fingrane. Han må tilbake til skulen og teikne vidare på bildet han jobbar med.

Siste kapittel i Firenze

Per Olav har fått sitt eige studio inne på The Florence Academy of Arts. Skulen har nemleg eit krav om at alle lærarane også skal vere utøvande kunstnarar. For tida jobbar han på ei kolteikning av ein italiensk modell.

Han forklarar korleis han jobbar med anatomi og tyngdekrafta for å få bildet til å sjå så realistisk ut som mogleg. Ansiktet begynner å nærme seg ferdig, medan det framleis står igjen ein del arbeid med hendene.

Klarar du å få til hendene like godt som bildet av Ciseri på museet?

– Nei, å få til ei hand på den måten, som ser heilt organisk og livaktig ut, det er ei ekstrem utfordring. Men kanskje kan eg vere i stand til få det til, om eg brukar nok tid.

Per Olav Olsen

PIRKEARBEID: Per Olav jobbar med den siste teikninga si mellom undervisningstimane ved skulen.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Det er ikkje vanskeleg å merke at han har det som plomma i egget. Det kjem difor som eit lite sjokk når Per Olav avslører at han no er inne i sitt siste halvår i Firenze. Til sommaren pakkar han kofferten og flyttar heim igjen til Noreg.

Kvifor?

– Eg har ein kjærast i Stavanger som eg er veldig glad i, og som eg har tenkt å etablere eit liv saman med.

Men kva med lærarjobben, kunstnardraumen? Kva med Firenze?

– Eg er veldig takksam for bagasjen eg har fått her. Men livet er ein sti, og eg har kome til nok eit vegkryss. No skal eg opne mitt eige atelier i Stavanger og ta inn maks fire studentar. Tida er inne for å utforske kunsten på eigne premissar, konkluderer Per Olav.

Anbefalt vidare sjåing:

Vebjørn Sand ble terpentinforgiftet og kunne plutselig ikke male mer. Etter en depresjon gjenskapte han seg selv som kunstner, og i dag selger han kunst for millioner. Men han jakter fremdeles på det perfekte penselstrøket.

Vebjørn Sand ble terpentinforgiftet og kunne plutselig ikke male mer. Etter en depresjon gjenskapte han seg selv som kunstner, og i dag selger han kunst for millioner. Men han jakter fremdeles på det perfekte penselstrøket.