Bugge W
Foto: Henning Gulli / NRK

Den motvillige julemusikaren

Juleplata hans er seld i 160.000 eksemplar.

– Eg hatar julemusikk, seier Bugge Wesseltoft.

Ein mørk septemberkveld i 1997 står jazzmusikaren ansikt til ansikt med ein tysk platedirektør i slottsparken i Oslo. Nokre få sekund tidlegare har tyskaren spurt om han kunne tenkje seg å spele inn ei juleplate for selskapet hans.

Men Bugge er skeptisk.

Han har nyleg starta sitt eige plateselskap, satsar alt på nyskapande jazz og har i tillegg eit svært ambivalent forhold til jula.

Men det hadde ikkje alltid vore slik. Ein gong var Bugge faktisk ein skikkeleg julegut.

Sjukehus

Bugge vaks opp i trygge omgjevnadar i Telemark med julaftan som årets finaste dag. Familien var samla hos besteforeldra og julemat og pakkar vart sett på som den største sjølvfølga i verda.

Men då han fekk jobb på eit mentalsjukehus etter vidaregåande vart ikkje jula lenger den same.

– Det var sjokkerande for meg å sjå at jula også var høgtid på institusjonane. Det var utruleg mykje stress og problem i jula. Folk takla ikkje lykka, mimrar Wesseltoft.

– Kva hugsar du frå jula på sjukehuset?

– Det var mykje stress, drikking, familievald og barn som ikkje hadde det fint. Då var det rart å kome heim til ei lykkeleg jul etter jobb.

Opplevingane frå sjukehuset sette djupe spor i ei følsam jazzmusikarsjel. Og skal vi tru Bugge var det ikkje jula i seg sjølv som var problemet, men heller alt oppstyret som følgjer denne høgtida.

– Eg er glad i jul, men desse julegreiene er eg ikkje så glad i, seier han.

Rainbow studio

Motvillig gjekk Bugge til slutt med på å lage ei juleplate, så lenge han fekk lage ho heilt på eigne premissar. Dagen før møtet i Slottsparken hadde platedirektøren, Siegfried Loch, vore i Stockholm og sett eit litografi av eit flygel i snøen.

– Kva med å lage ei juleplate med solopiano og kalle ho «It's snowing on my piano», spurde Siegfried.

Ein månad seinare møttest dei i legendariske Rainbow Studio i Oslo, ni timar seinare var heile plata spelt inn. Resultatet vart ei roleg juleplate med pianoimprovisasjonar, spelt inn så lågmælt at det stundom var meir støy frå strengane enn frå tonane.

Bugge Wesseltoft og dottera under innspelinga av «It's snowing on my piano». 2

EIN TRYGG FAMN: Bugge tok med seg dottera si, Maren, då han skulle spele inn «It's snowing on my piano» i Rainbow Studio.

Foto: Siegfried Loch / ACT

Etter nokre få veker var plata ute i butikkane, utan at ho vart marknadsført på nokon som helst måte. Siegfried var ikkje sikker på kva han skulle gjere med ho, men tenkte å kanskje gi ho i gåve til nokre businessvenar.

I eit lite intervju med Aftenposten, 21. november 1997, fekk Bugge spørsmål om han no skulle ut på juleturné?

– Det kan eg ikkje tenkje meg, det er nok av julekonsertar der ute. Og spesielt har det gått inflasjon i «Leig ei kyrkje før jul»-konseptet, svara han.

Madcon og Britney

Bugge stod for det han lova.

Det vart ingen julekonsertar, plata vart tilsynelatande gløymd og sett på som eit litt snodig sidesprang frå den eksperimentelle jazzmusikaren.

Det gjekk eitt år, to år, tre år …

Men så, elleve år seinare, skjedde eit lite julemirakel:

It's snowing on my piano trona plutseleg øvst på bestseljarlista. Ja, plata selde faktisk meir enn både Madcon og Britney Spears til saman!

Korleis kunne dette skje?

– Det normale er at artistane dreg ut på turné for å selje plater, men i dette tilfellet vart det ikkje spelt ein einaste konsert på 10 år. Plata vart utelukkande promotert på folkemunne. Folk ringde venane sine og kjøpte ho som julegåve, seier Siegfried Loch som aldri har opplevd liknande i sine 55 år i platebransjen.

Dåverande produktsjef i Platekompaniet, Morten Lund, samanliknar plata med dagens viral-videoar på internett.

– Dette var jo før strøyming, men plata vart eit fenomen mykje større enn nokon kunne klare å planlegge.

Medisin mot julestresset

Når ei plate blir bestseljar elleve år etter ho kjem ut, utan marknadsføring eller konsertar, og før Spotify – så begynner ein å lure.

Kva var eigentleg greia med denne plata?

Under arbeidet med denne saka kom vi over mange personar med eit nært forhold til utgjevinga. Ei av desse, Karen Sofie Komnæs (31), mista faren sin i november 2009. Familien var i djup sorg og ingenting kjendest riktig med høgtida som var like rundt hjørnet. «Bjelleklang» ressonerte ikkje med stemninga i huset.

– Den hysteriske gleda rundt meg matcha ikkje det eg sjølv følte. Det vart eit tomrom i heile julefeiringa, seier Karen Sofie.

På ein julegåverunde i Oslo stakk ho hovudet innom platebutikken Bare Jazz i Oslo, ein butikk som minna ho om kjærleiken faren hennar hadde til jazz og klassisk musikk. Der fann ho ei vinylplate med litografi av eit svart flygel, ståande i snøvêret.

It's snowing on my piano / Bugge Wesseltoft

SNØ PÅ PIANOET: Plateomslaget til «It's snowing on my piano» er eit litografi av kunstnaren Ardy Strüwer.

Foto: ACT

– Det var noko som fall litt på plass for meg da. Plata skildra den melankolien som for meg har blitt ein del av jula, heilt sidan eg mista pappa.

Det finst fleire historier som denne. Plateprodusenten Christer Falck spelte plata i butikken sin då ei dame som såg veldig julestressa ut kom inn i butikken.

– Då ho fekk høyre «Stille Nacht» frå Wesselstofts album, begynte tårene å renne og det verka som alt gåvestresset forsvann. Det var fantastisk å sjå at musikk kan ha ein sånn effekt, sa Falck til avisa Vårt Land i 2009.

Responsen frå Europa har ikkje vore noko dårlegare. Bugge har fått fleire brev frå både Tyskland og Nederland kor folk fortel at dei vil kalle opp sønene sine etter han. Noko som han sjølv synest er litt komisk, då Bugge eigentleg er eit etternamn. (Jens Christian Bugge Wesseltoft)

Første julekonsert

Etter kvart var det ikkje lenger like enkelt for mannen som ikkje ville halde julekonsertar å halde ord. Kona trakk han til side og spurde: «Viss folk likar plata, er vel det god nok grunn til å spele konsert?»

Bugge lét seg overtale og i 2008 hadde han sin første julekonsert på Kalkmølla kulturstasjon i Sandvika, i eit lite rom med plass til 105 personar.

– Etter to-tre nummer begynte eg å høyre folk puste, og då tenkte eg: «Herregud, dette er jo heilt sjukt keisamt. Dei kjem til å gå kvart augeblikk.»

Men publikum verken gjekk eller sovna. Då konserten var ferdig kom dei bort til han og sa: «Dette var heilt fantastisk!»

– Det var verkeleg sånn: «Hæ!» Eg skjøna ingen ting, mimrar Bugge.

Bugge Wesseltoft med venner

JULEKONSERT: 21. desember 2017 tar Bugge Wesseltoft med seg nokre av Noregs beste jazzmusikarar til NRK for å spele ein annleis julekonsert.

Foto: Henning Gulli / NRK

Julemusikar

Sidan har det blitt mange julekonsertar. Plata har i skrivande stund seld over 160 000 eksemplar og blitt ei av våre aller mest folkekjære juleplater. Den eksperimentelle jazzmusikaren må finne seg i at han no er mest kjent som julemusikar. Det er noko Bugge i dag lever heilt fint med.

– Eg prøvde å lage ei plate som skulle hjelpe dei eg jobba med på mentalsjukehuset, og andre som opplevde stress og hadde ei vanskeleg tid i jula. Eg håpar ikkje alle som likar plata har ei så vanskeleg tid, men for dei fleste kan jula vere vanskeleg, stressande og masete. Ribba kan svi seg og tusen andre ting må stemme. Kanskje denne plata kan få folk til å setje seg ned og tenkje på noko anna, seier Bugge.

21. desember 2017 tok Bugge med seg jazzvenane Sidikii Camara, Ellen Andrea Wang, Solveig Heilo, Per Olav Mydske, Ibou Sissocho, Anne Hytta og Øyonn Groven Myhren for å halde julekonsert i Studio 19 på NRK Marienlyst.

  • Konserten kan du sjå her:
Bugge Wesseltoft har invitert venner til julekonsert. Sidiki Camara, Ellen Andrea Wang, Sol Heilo, Skranglebein, Ibou Cissokho, Anne Hytta og Øyonn Groven Myhren bidrar med kjente julesanger og tradisjonsmusikk.

KONSERT: Bugge Wesseltoft har invitert venner til julekonsert. Sidiki Camara, Ellen Andrea Wang, Sol Heilo, Skranglebein, Ibou Cissokho, Anne Hytta og Øyonn Groven Myhren bidrar med kjente julesongar og tradisjonsmusikk.

RADIODOKUMENTAR: Bugge Wesseltoft fortel om «It's snowing on my piano». Journalist Aundun Vinger, skodespelar Ingjerd Egeberg og kokk Ole Martin Alfsen snakkar om sitt forhold til plata. Dokumentaren er laga av NRK-journalist Kjartan Aarsand.

Anbefalt vidare lesing:

Ellen Andrea Wang

ELLEN ANDREA WANG: Ho har turnert kloden rundt med svære artistar og blitt kåra til ein av verdas fem beste unge kvinnelege jazzmusikarar av den britiske avisa The Guardian.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Svær i smal sjanger. Sjølv ein av verdas mest lovande jazzmusikarar kan ha problem med å trekkje til seg dei store massane. Les saka