Hopp til innhold

Lady Blunt kan setje ny rekord

Stradivarius-fiolinen «Lady Blunt» frå 1721 vert seld gjennom auksjonshuset Tarisio i kveld, og kan slå alle prisrekordar. – Fiolinen ser ut som om den kjem rett frå verkstaden, seier Øystein Birkeland, som har halde «Lady Blunt» i hendene.

Lady Blunt, Stradivarius-fiolin

Stradivarius-fiolinen Lady Blunt, her i ei fiolinkasse frå ein tidlegare eigar, London-firmaet W.E. Hill & Sons.

Foto: Tarisio

Det var japanske Nippon Music Foundation som i 2008 sist kjøpte Lady Blunt for rekorddyre 10 millionar dollar, eller om lag 55 millionar kroner etter dagens kurs. Ein Guerneri del Gesù-fiolin vart seld for 10,25 millionar dollar i 2010, og kjøpesummen i kveld er venta å verte endå høgare.

Nippon Music Foundation har ei stor samling av dyre instrument, men bestemte seg i vår for å selje sjølve juvelen i samlinga til inntekt for hjelpearbeid for jordskjelv- og tsunamioffer i Japan.

– Enormt godt ivareteken

Cellisten Øystein Birkeland er mellom dei fremste ekspertane i Noreg på instrument av denne typen, og er i London for å følgje auksjonen på nært hald.

– Lady Blunt er den best bevarte av alle dei eksisterande Stradivarius-fiolinane, saman med «Messias»-stradivariusen som vert oppbevart i Oxford, seier Øystein Birkeland på telefon frå London.

– Den er enormt godt ivareteken, den viser ingen teikn til slitasje og er fri for sprekkjer. Det ser ut som om den kjem rett frå verkstaden.

I denne videoen om Lady Blunt kan du mellom anna sjå opptak frå auksjonen på Sotheby's der fiolinen vart seld i 1971:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kjem neppe til å verte spelt på

Lady Blunt fekk tilnamnet sitt frå sin første kjende eigar, Lady Anne Blunt, som var barnebarnet til diktaren Lord Byron. Det er no svært lenge sidan nokon spelte på instrumentet, og Birkeland trur ikkje det skjer no heller:

– Dei fleste eksisterande Stradivarius-intrumenta blir brukt av musikarar, men for denne fiolinen er det ein spesiell verdi at slitasjen er så liten, seier han.

– Ein kunne godt ha gjort i stand fiolinen til å spele på, men den har størst verdi som museumsgjenstand, på lik linje med andre kunstverk.

Spent på kjøpesummen

Øystein Birkeland tok i 2004 initiativet til det som skulle verte Dextra Musica, eit dotterselskap av Sparebankstiftelsen. Dei kjøper instrument i toppklassen som norske musikarar får låne.

Birkeland er i dag Dextras hovudkonsulent for nye innkjøp saman med Peter Biddulph, og er spent på utfallet av auksjonen.

– Kjøpesummen kjem til å ha stor innverknad på marknaden – vert summen svært høg, vil slike instrument verte dyrare, seier han.

– Det finst kjøparar i marknaden som er viljuge til å gje opp mot 15 millionar dollar (ca 83 millionar kroner, journ.anm.) for ein Stradivarius.

Chicago-firmaet Bein & Fushi bad om 18 millionar dollar, eller 100 millionar kroner, då dei la ut ein Guarneri del Gesù i fjor, men den er enno ikkje seld.

Fekk møte Lady Blunt privat

Dextra Musica har så langt kjøpt inn instrument for rundt 200 millionar, og fleire av instrumenta i Dextras samling er verdt tosifra millionbeløp, til dømes Guarneri del Gesú-fiolinen Henning Kraggerud brukar.

Dextra er ifølgje Øystein Birkeland ikkje mellom dei potensielle kjøparane av Lady Blunt, men han fekk ta fiolinen i nærare augesyn under ei privat visning i London førre veke.

– Det er eit lett instrument – Stradivari kan ha eksperimentert med å bruke relativt lite treverk, seier Birkeland.

– Som med andre store kunstnarar, er det noko med måten linjene er utført på som skaper liv i materialet. Det er eit utruleg vakkert instrument.


Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska