Urørt meiner:
"Airport" er lyden av ein småeksentrisk låtskrivar som leflar med musikk ein nesten kan ta for å vere eit kommersielt frieri - men det sklir glatt inn på riktig side av skalaen og vekker både interesse så vel som poprockfot; dette er nordnorsk og blid Martha Wainwright.
Frå sportsfantom til musikkfreak
Å lage musikk var absolutt ikkje planen til 23 år gamle Ingeborg Selnes frå Bodø. Men då læraren hennar på ungdomsskulen syns ho sang "Torn" av Trine Rein ganske bra, gjekk Ingeborg frå å vere ihuga sportsfantom til musikkfreak.
Ingeborg Selnes har spelt saman med Bodøbandet Cold Mailman, men har vert lengst i bandet Harmonica.
- Vi møttest på skulebenken og blei det første ordentlege bandet eg var med i. Tida med Harmonica er den mest lærerike og morsomaste perioden eg har vert gjennom.
Varmar opp på Øya Open
Like før jul hoppa Ingeborg av Harmonica (som i dag lever vidare som soloprsjektet
) for å satse på eigen musikk og slepp av plata "The Zoo".- Ettersom eg hadde brent så lenge for å starte for meg sjølv, så låg det meste klart allereie før eg bestemte meg for å gi ut plate. Derfor har det gått kjempefort, frå å diskutere plateutgjeving i januar til sleppfeset i april.
29. juni varmar ho opp for Bonnie "Prince" Billy på Øya Open, eit tilleggsarrangement i regi av Øyafestivalen.
Samanliknar seg sjølv med Grand Prix-Maria
Ukas Urørte låt, "Airport", handlar om eit par Ingeborg observerte på Gardermoen då ho skulle heim til Bodø i jula.
- Det såg ut som dei hadde mykje usagt mellom seg, før den eine drog sin veg.
Sjølv beskriv Ingeborg musikken sin som uredd og ei blanding av det litt snodige og rare.
- Med "Airport" trudde eg at det eg hadde lagd var så mainstream pop at eg kunne bli samanlikna med Grand Prix-Maria. Men eg tok visst feil.
Ingeborg Selnes er aktuell med plata The Zoo. Låta 'Airport' er Ukas Urørt.